Stipend til masteroppgåve om klarspråk 2013

(6.9.2013) Er du student og oppteken av korleis det offentlege kommuniserer? Då kan du søkje om stipend til arbeidet med masteroppgåve. Hausten 2013 skal samarbeidet «Klart språk i staten» dele ut stipend til mastergradstudentar som skriv oppgåve om klart og godt språk i det offentlege.

Det skal delast ut to stipend, kvart på kr 20 000. Vi ønskjer å få meir dokumentasjon om ulike sider ved klarspråksarbeid innanfor alle fagområde og sektorar. Alle studentar som skriv om relevante emne, kan søkje.

Døme på aktuelle tema:

  • gransking av språket i juridiske tekstar, til dømes i lover, forskrifter eller rundskriv som er viktige for mange
  • gransking av språket i tekstar som inneheld informasjon til pasientar
  • gransking av klarspråksarbeid i det offentlege: Kvifor lukkast somme og andre ikkje?
  • effektstudium, til dømes måling av kva konsekvensar klarspråksarbeid kan ha for økonomi og samfunn, kost–nytte-analyse
  • samanlikning av nynorsktekstar og parallelle bokmålstekstar der ein måler kor forståelege tekstane er, og granskar kva språklege trekk som gjer tekstane meir eller mindre forståelege
  • analyse av språklege og visuelle årsaker til at tekstar blir enkle eller vanskelege å forstå
  • gransking av korleis ulike brukarar handterer tekst og grafikk i autentiske situasjonar

Til deg som vil søkje om stipend

Søknaden din må innehalde

  • ei skisse på éi side der du gjer greie for problemstilling og metode, og for kor langt du er kommen i arbeidet
  • ei utdjuping av problemstillinga (maksimum tre sider)
  • ei fråsegn frå rettleiaren din
  • ein framdriftsplan for oppgåva

Oppgåva må skrivast på norsk. Dersom oppgåva di er mindre omfattande enn 60 studiepoeng, kan stipendsummen bli lågare enn annonsert.

Viss du får tildelt stipend, kan du bli beden om å skrive ein artikkel om oppgåva eller presentere ho på annan måte etter nærare avtale med samarbeidet «Klart språk i staten».

Søknadsfristen er 1. november 2013. Send søknaden på e-post til klarsprak@sprakradet.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter