Kom i målform med Språkrådet!

(22.01.2013) Før jul lyste Språkrådet ut 10 todagars nynorskkurs for statsorgan i 2013. Vi minner om søknadsfristen, som er 1. februar.

Kven kan få kurs?
Alle statsorgan som skal følgje målbrukskrava i lov om målbruk i offentleg teneste, kan søkje:

  • sentrale statsorgan (direktorat, tilsyn, departement osb.)
  • regionale statsorgan (fylkesmannsembete, domstolar osb.)
  • statlege helseføretak

Dessutan kan store einingar under sentrale statsorgan søkje om eigne kurs. Døme på slike einingar er fylkes- og regionavdelingar under direktorat og tilsyn, og fakultet og andre einingar under universitet og høgskular.

Kva tilbyr Språkrådet?
Kurset er gratis og går over to dagar. Statsorganet dekkjer eventuelle kostnader til reise og opphald for kurshaldarane.

Kurset tek føre seg både nynorsk grammatikk og nynorsk språkføring. Undervisninga blir gjeven på grunnlag av førehandsinnsende tekstar.

Deltakarane sender inn tekstar både før og etter kurset, og får individuell tilbakemelding på dei.

Etter kurset kan statsorganet, etter nærare avtale med Språkrådet, få hjelp med nynorsktekstar.

Kva ventar Språkrådet av statsorganet?
De må fylle ut dette søknadsskjemaet. Her må de gjere greie for kvifor de ønskjer kurs, kva de ønskjer å oppnå med kurset, og korleis de skal følgje det opp etterpå. Seks til åtte månader etter kurset skal de rapportere til Språkrådet om korleis de har følgt opp kurset. Les om vilkåra for tildeling.

Har de spørsmål?
Ta kontakt med Kjetil Aasen på tlf. 22 54 19 68 eller skriv til stat@sprakradet.no.

Les meir om nynorskhjelp i staten på nettsidene til Språkrådet.

Søknadsfrist: 1. februar 2013.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter