Frukostseminar 4. september: Kom i gang med klarspråk!

Her er programmet til frukostseminaret Kom i gang med klarspråk 4. september 2013.

Korleis kan ein organisere, forankre og gjennomføre eit klarspråksprosjekt?
ved kommunikasjonsrådgjevar Anniken Westtorp, Lånekassen. Presentasjon: Presentasjon her.

Lånekassen vann Klarspråksprisen 2009, det fyrste året prisen vart delt ut. Sidan 2000 har Lånekassen arbeidd breitt og systematisk med å forbetre språket i alt frå brev, brosjyrar og skjema til nettekstar. Dei har òg arbeidd mykje med brukarundersøkingar og med å involvere ulike brukargrupper i klarspråksarbeidet.


Korleis skapar ein motivasjon og engasjement for klarspråk?
ved kommunikasjonsrådgjevar Per Morten Hansen og seniorrådgjevar og prosjektleiar Christine Gilboe-Caspersen, Helseøkonomiforvaltninga (HELFO). Presentasjon: Presentasjon her.

HELFO har jobba med klarspråk i fleire år, og særleg med å forbetre breva dei sender til innbyggjarane. For å skape motivasjon og engasjement for klarspråk trekk hovudkontoret inn lokale eldsjeler over heile landet, skapar møteplassar og dyrkar interessa for klarspråksarbeid hos dei tilsette.


Klarspråk i praksis – korleis kan ein jobbe konkret med språket i organisasjonen?
ved kommunikasjonsrådgjevar Torill Svoldal Stæhr, Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Presentasjon her.

NPE har arbeidd systematisk for å skape ei felles forståing av klarspråk i organisasjonen. Dei har arbeidd med malane for vedtak og brev og kan vise døme på tekstar som har blitt lettare å forstå for brukarane.

 

Frukostseminaret er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet, som sidan 2009 har drive prosjektet «Klart språk i staten» saman. Prosjektet er no avslutta, men arbeidet med klart språk i staten held fram med Difi og Språkrådet som sentrale aktørar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter