Betre språk i dommar

(18.9.13) Det finst ikkje mykje materiell som kan gje dommarar råd og rettleiing om korleis dommar skal skrivast. Det skal prosjektet «Klart språk i dommar» gjere noko med.

Når ein dom er skriven på ein slik måte at folk forstår kva premissar avgjerda byggjer på, blir det lettare å akseptere og forstå avgjerda. Prosjektet «Klart språk i dommar» vart sett i gang i mars 2013, og formålet er å betre kvaliteten på rettsavgjerder. Prosjektleiar er professor Ruth Vatvedt Fjeld ved Universitetet i Oslo. I referansegruppa for prosjektet sit leiarane for ulike faggrupper i domstolane. 

Uavhengig av det omtalte prosjektet «Klart språk i dommar» har Bergen tingrett sett i gang eit eige prosjekt. – Ein dom skal ikkje berre vere faktisk og rettsleg rett. Han skal òg bli forstått av partane, av folk flest og av ein eventuell ankedomstol. Då er det viktig å sjå på korleis vi skriv dommar. Det seier sorenskrivar Kari Johanne Bjørnøy om domsskrivingsprosjektet i Bergen tingrett.  

Dommarane i Bergen tingrett fekk tilbod om å sende inn to sivile dommar og få dei gjennomgått av tidlegare høgsterettsdommar Kirsti Coward. I gjennomgangen vart det lagt vekt på mellom anna oppbygning og disposisjon av teksten, framstillinga av saka, struktur, rettskriving og teiknsetjing.

Les meir om begge prosjekta i magasinet Rett på sak nr. 2/2013 (s. 13–17).
Magasinet blir gjeve ut av Domstoladministrasjonen.

Les meir om språk i dommar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter