Pasientar skjønar ikkje sjukehusbrev

(5.3.2012) Mange pasientar forstår ikkje breva frå Oslo universitetssjukehus. Det kjem fram i ein årsrapport som Helse- og sosialombodet i Oslo offentleggjer denne veka.

Ombodet seier til Aftenposten at problemet anten kan vere at breva ikkje gjev naudsynt informasjon om pasientrettar, eller at breva kan vere så vanskelege at folk rett og slett ikkje skjønar kva som står i dei. Helsedirektoratet stadfester at mange pasientar har problem med breva dei får frå helseføretaka. Brevmalane vart reviderte i 2010, men det ser ut til at gamle malar framleis er i bruk somme stader.

Heile artikkelen frå Aftenposten kan du lese her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter