Meld deg på klarspråkskurs for leiarar!

(14.5.2012) Arbeider du som leiar og har ansvar for fagleg kvalitetssikring av ulike tekstar? Kor ofte kommenterer du også sjølve språket i tekstane? Og kor oppdatert er du når det gjeld klarspråk og skrivereglar? Det er heilt avgjerande at ikkje berre medarbeidarane dine, men også du sjølv veit kva som er godt språk i staten i dag.

Målgruppe
Kurset «Klart språk i staten for leiarar» passar for alle som jobbar som leiarar eller mellomleiarar i staten. Det er nyttig både for deg som skriv mykje sjølv, og for deg som stort sett les og gir tilbakemelding på tekstar andre har skrive.

Omtale
Dette kurset er ein del av prosjektet «Klart språk i staten», som har som mål å hjelpe statstilsette med å uttrykkje seg korrekt, klart og lesarvennleg i tekstar til publikum. På kurset går vi gjennom kva grep du kan ta for å sikre at du og verksemda di skriv effektivt, forståeleg og presist slik at bodskapen når fram til lesarane.

Kurset vekslar mellom foredrag, diskusjon og arbeid med praktiske oppgåver.

Tidspunkt
14. juni 2012 frå kl. 09.00 til 15.00. 

Påmeldingsfrist: 24. mai 2012.

Påmelding og meir informasjon (Difis nettstad)

Kontaktpersonar:

  • Marta Kari Schawlann
    marta.kari.schawlann (a)difi.no
    tlf. 482 74 599
  • Anne Bakkeberg
    anne.bakkeberg(a)difi.no 
    tlf. 22 45 11 71

 

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter