Klarspråksprisen 2011 til Statens pensjonskasse

(14.02.2012) Vinnaren av klarspråksprisen 2011 er Statens pensjonskasse (SPK), som har ansvar for eit viktig saksområde og ein komplisert bodskap som skal formidlast til nesten éin million brukarar. – Det er eit demokratisk problem dersom informasjon ikkje når fram til alle det gjeld, seier administrerande direktør Finn Melbø.

Juryen for klarspråksprisen har lagt vekt på at SPK har arbeidd lenge og systematisk med klarspråk og gjort ein enorm innsats for å endre bedriftskulturen. – Språkarbeidet er no ein naturleg del av organisasjonsutviklinga, og klart språk er ein del av faget uansett fagområde. Det omfattande arbeidet SPK har lagt ned, har gjeve gode resultat og høg språkleg kvalitet i begge målformer, seier juryleiar Kjell Lars Berge.

bilde

 

I år er det tredje gongen prisen blir delt ut, og juryen ser at det har vore ein generell framgang på desse åra. Kandidatane held jamt over høgare nivå, kvaliteten på klarspråksarbeidet stig, og konkurransen blir skarpare.

Grunngjevinga frå juryen kan du lese her.

Pressemelding om utdelinga på www.regjeringa.no

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter