Klarspråk i Nav

(6.12.2012) Nav er i gang med eit stort klarspråksprosjekt med støtte frå «Klart språk i staten». Blant tiltaka i prosjektet er forbetring av utvalde standardbrev, etablering av ein brevstandard og utvikling av eit opplegg for kompetanseheving.

Klarspråksprosjektet i Nav vart etablert som eit eige prosjekt i Arbeids- og velferdsdirektoratet sommaren 2011. Kommunikasjonsdirektøren eig prosjektet, som har fått pengestøtte frå prosjektet «Klart språk i staten».

Prosjektet skal

  • forbetre standardbrev på tre utvalde område
  • utarbeide ein brevstandard som gir føringar for alle brev i Nav
  • lage opplegg for kompetanseheving
  • forbetre språket i styringsdokument 

I denne artikkelen [pdf] kan du lese meir om prosjektet i Nav.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter