God jul og godt klarspråksår 2013!

(21.12.2012) Klarspråksredaksjonen tek juleferie og er attende 2. januar. Da er prosjektet «Klart språk i staten» offisielt avslutta, men klarspråkssamarbeidet til Språkrådet og Difi held fram. Her kan du lese litt om korleis vi vil leggje opp dei sentrale tiltaka framover.

Kva skjer med nettstaden www.klarspråk.no?
Denne nettstaden skal framleis innehalde oppdatert og nyttig stoff om godt språk og språkarbeid i det offentlege. Her vil du finne informasjon om arrangement og kurs, nye tiltak, gode språkverktøy, artiklar om språkarbeid i det offentlege og døme på forbetra tekstar. Abonner på eit nyhendevarsel, så får du e-post når vi legg ut nytt på framsida eller på kurssidene.

Vert det kurs og seminar?
Difi og Språkrådet held fram med klarspråkskurs og nynorskkurs og vil òg arrangere seminar og konferansar der klarspråksfolk kan møte kvarandre og lære og bli inspirerte.

Kva med støtteordninga?
Nokre av tiltaka i støtteordninga held fram, og statsorgan skal framleis få fagleg hjelp av Difi og Språkrådet til å gjennomføre språkforbetringsprosjekta sine.

Kva skjer med klarspråksprisen?
Klarspråksprisen skal framleis delast ut av fornyingsministeren kvart år. Neste utdeling er 7. mars 2013 på ein stor klarspråkskonferanse i Oslo. Meir informasjon og lenkje til påmelding kjem over nyttår.

Blir det jul?
Jul blir det garantert. Difi og Språkrådet ønskjer alle ei riktig god jul og eit klart nytt år!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter