Brukartesting kan hindre galne svar på spørsmål i skjema

(25.6.2012) Ei ny brukarundersøking frå Kunnskapssenteret viser at folk forstår ord om helsestatus ulikt. Ord som sjuk og frisk tyder ikkje heilt det same for alle. Testing av spørjeskjema og brosjyrar på førehand kan hindre galne svar når skjemaa vert tekne i bruk.

På oppdrag frå Helsedirektoratet har Kunnskapssenteret testa eit skjema som blodgivarar må fylle ut den dagen dei gir blod. – Det er ein føresetnad for å gi blod at givaren har forstått spørjeskjemaet, slik at helsepersonellet som godkjenner blodgivaren, kan stole på opplysningane som er gitt. Hovudfunna i dette prosjektet tyder derfor på at det trengst justeringar i blodgivarskjemaet. Det seier Johanne Kjøllesdal, forskar ved Kunnskapssenteret og prosjektleiar for undersøkinga. – Når helsepersonell lagar spørjeskjema og brosjyrar, må dei ha i tankane at folk kan leggje ulike tydingar i viktige ord. Ved å teste ut korleis folk forstår spørsmåla før vi tek i bruk spørjeskjema eller brosjyrar, kan vi hindre galne svar. 

Les meir om undersøkinga her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter