Notattevling i Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) – ein idé for andre?

(24.10.2011) Det er tid for tevling i KRD! Dugelege notarskrivarar får no sjansen til å vise korleis eit godt skrive og godt disponert notat ser ut. – Notat er noko vi skriv og les ofte. Om notatet er godt, kan det smitte over på andre tekstar, seier departementsråd Eivind Dale.

Kva er så eit godt notat? Departementsråd Eivind Dale, som sit i juryen for konkurransen, har svaret klart. Som erfaren embetsmann har han klare oppfatningar om kva som kjenneteiknar eit godt notat.

 

 

Dale seier at eit godt notat er kort, korrekt og velstrukturert. Dette er døme på ein god struktur:

a. bakgrunn
b. problemstillingar
c. alternative svar/løysingar
d. konsekvensar/argument
e. vurdering og avveiing av ulike omsyn
f. tilråding

Innan 5. desember skal kvar avdeling ha levert tre notat skrivne i 2011 til vurdering.
Juryen blir leia av departementsråd Eivind Dale. Han har med seg statssekretær Guri Størvold, kommunikasjonssjef Liv Merete Wiker og talekoordinator Agnar Kaarbø.

Vinnaren kan vente seg heider, ære og ei symbolsk, men synleg påskjønning.

Kanskje tevlinga i KRD kan inspirere andre til å setje i gang?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter