Fylkesmannen i Rogaland om språk, omdømme og legitimitet

(19.6.2011) Fylkesmannen i Rogaland har nynorsk som målform. Viljen til å kommunisere er stor, og Fylkesmannen har stor gjennomslagskraft i media, mellom anna gjennom nettstaden sin. Derfor er det særleg viktig at både brev og nyheitssaker på nettet held god språkleg kvalitet. 

Men mange slit med å oppfylle kravet om å skrive eit klart og forståeleg nynorsk. Fylkesmannen i Rogaland sette seg difor som mål at minst 30 prosent av dei tilsette skulle delta på nynorskkurs i 2010.

Les om nynorsktiltaka her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter