Frukostseminaret «Budskap og byråkrati» 6. desember 2011

(21.11.2011) Difi lanserer boka «Budskap og byråkrati – lærebok i praktisk retorikk» og inviterer til frukostseminar om retorikk, kommunikasjon og klarspråk. Boka er ei lærebok i retorikk for alle byråkratar og tek for seg kva ein kan gjere for å bli betre til å formidle, både skriftleg og munnleg.

  Tid: 6. desember kl. 8.30–10.30. Vi serverer frukost frå kl. 8.00.

  Stad: Difis kurs- og konferansesenter i 2. etasje,
            Grev Wedels plass 9, Oslo (inngang frå Myntgata)

  Påmeldingsfrist: 1. desember

På frukostseminaret vil Marie Louise Tank, som har skrive boka, innleie om korleis byråkratar kan bli betre til å formidle.

Boka er også lærebok for «train the trainer»-programmet i retorikk, eit pilotkurs som Difi arrangerer i haust. Formålet med kurset er å lære byråkratar å bli lærarar/rettleiarar i formidling i sin eigen organisasjon. På seminaret vil to av deltakarane frå dette kurset dele sine erfaringar og fortelje om korleis dei skal bruke opplegget i praksis.

Meld deg på frukostseminaret «Budskap og byråkrati».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter