Dårlege språkvanar sit i fingrane

(11.5.2011) Fylkesmannen i Finnmark har gjennomført ei spørjeundersøking om språkhaldningar og språkvanar blant dei tilsette. Ein av dei spurde peika på at at det kan vere vanskeleg å skrive klart språk når uvanane frå forvaltningsspråket sit i fingrane. Ein annan meinte det er vanskeleg å gjere det tunge språket i lovverket om til formuleringar som folk flest kan forstå.

Undersøkinga «Språk i embets medfør / Språk på jobben» vart laga i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oktober 2010. Målet med undersøkinga var å kartleggje haldningar til språk, tekst og skriving, kva som er vanskeleg og kva som kan hjelpe når ein skal endre skrivestil.

Du finn ein artikkel om undersøkinga her, skriven av kommunikasjonsrådgjevar Anna Solvoll Rognmo hos Fylkesmannen i Finnmark. På sida har vi òg lagt lenker til undersøkinga.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter