Rakt på sak: klarspråk i finske kommunar

(24.6.10) Kommunförbundet i Finland har saman med Forskningscentralen för de inhemska språken starta prosjektet «Rakt på sak – kommunspråk i klartext». Prosjektet går mellom anna ut på å utvikle språkbruken i kommunane for å betre kvaliteten på dei kommunale tenestene.  

Målet med prosjektet er å lage skreddarsydde modellar, malar og døme for å få til eit klarare språk i kommunikasjonen mellom kommunane og innbyggjarane der. Det er òg meininga at kommunane gjennom prosjektet skal byggje opp eit nettverk for språkleg samarbeid. 

Les meir om klarspråksprosjektet i finske kommunar her.
Les skriverettleiinga Klarspråk i kommunen her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter