Departementa på klarspråksseminar

(23.8.10) Den 23. august inviterte prosjektet «Klart språk i staten» alle departementa til eit seminar. Føremålet var å gje departementa høve til å dele erfaringar og motivere og inspirere dei til å kome i gang med klarspråksarbeid. Til stades på seminaret var 18 deltakarar frå 12 departement (AD, BLD, FKD, FAD, FD, HOD, KRD, KUD, KD, LMD, SD, UD), og på programmet stod tre innlegg.

Difi-direktør Hans Christian Holte opna seminaret. Han sa mellom anna at språket i departementa påverkar språkbruken i dei underliggjande etatane. Difor ønskjer prosjektet no å gje litt ekstra hjelp til departementa slik at dei kan kome i gang med å diskutere idear og finne ut korleis dei best kan samarbeide.

Mindre utvida fokus og høg forankring
Seniorrådgjevar Bjarne Myrstad frå Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) fortalde om språkrøkt og språkarbeid i sitt departement. Han understreka at språkarbeid er eit leiaransvar. Språksaker er fast post på leiarmøta i departementet. FKD stiller òg krav i tildelingsbreva til etatane både når det gjeld klarspråksarbeid og nynorskbruk. Ifølge Myrstad har det blitt mindre «utvida fokus» og «høg forankring» i FKD etter at dei starta med systematisk språkrøkt.

«Det skal være lett å gjøre rett»
Fagdirektør Ragnhild Samuelsberg frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fortalde entusiastisk om det store språkprosjektet ho har ansvar for. Prosjektet heiter «Det skal være lett å gjøre rett» og har solid støtte frå departementsleiinga. Så langt har departementet halde to av fire planlagde skrivekurs, arrangert lunsjkåseri og laga eigne språksider på intranett. Ein eigen språkrettleiar for juridiske tekster er òg i kjømda. I klarspråksarbeidet samarbeider Samuelsberg tett med informasjonsansvarlege og representantar for dei ulike fagavdelingane.

«Enda enklere med Erik»
Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad frå Utanriksdepartementet (UD) fortalde at informasjonsteamet til utviklingsminister Erik Solheim har laga eigne retningslinjer for språket i pressemeldingar og nettekster om bistand og utvikling. Målet er å bruke kortare setningar, unngå framandord og bruke eit folkeleg og munnleg språk.

Vegen vidare
Nokre departement er godt i gang med språkarbeidet, medan andre er i startgropa. Under oppsummeringa kom det fram at deltakarane ønskjer seg fleire slike samlingar og eit nettforum der dei kan dele erfaringar og diskutere språkarbeid med kvarandre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter