Bort frå kansellispråket

(3.9.10) Juridiske tekstar på nynorsk er ofte enklare å forstå enn juridiske tekstar på bokmål. Kvifor er det slik, når innhaldet er det same?

 

Mange juridiske tekstar er tunge å lese, og det er slett ikkje alltid faguttrykka som er grunnen. Ofte er det stilen som gjer teksten vanskeleg. Juristar som skriv nynorsk, er nøydde til å leggje om stilen, og då blir språket meir folkeleg, utan at det faglege innhaldet tek skade av det.

I siste utgåve av magasinet Rett på sak, som blir gjeve ut av Domstoladministrasjonen, kan vi lese eit intervju med Gunnar O. Hæreid, som til dagleg arbeider hos Regjeringsadvokaten. Han peiker på at den største fordelen med å skrive nynorsk er at ein frigjer seg frå det kansellispråket som juristar ofte nyttar.

Heile intervjuet kan du lese her.  

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter