Ros til Likestillings- og diskrimineringsombodet

(23.11.09) Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er blant dei statsorgana som har fått økonomisk og fagleg stønad gjennom prosjektet Klart språk i staten. Den faglege stønaden fekk LDO frå språktenesta for statsorgan i Språkrådet, som i oktober gjennomgjekk språket i nokre utvalte vedtaksbrev.

Språktenesta konkluderte med at LDO har lagt mykje arbeid i å gjere språket i vedtaksbreva sine godt og forståeleg for mottakargruppa.

– Denne evalueringa har vore svært nyttig for oss, og vi er glade og stolte over dei gode tilbakemeldingane. Målgruppa til ombodet er i hovudsak einskildpersonar som kjenner seg diskriminerte, og vi skal vere lett tilgjengelege for heile befolkninga. Då er vi avhengige av eit godt språk som eit viktig hjelpemiddel, seier likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås på heimesidene til LDO.

Her finn du meir om støtteordninga.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter