Prosjektet «Klart språk i staten» er lansert!

(9.3.09) Velkommen til www.klarspråk.no, nettstaden til prosjektet «Klart språk i staten»! Her finn du gode tips og råd om korleis du kan skrive klart og forståeleg. Her kan også innbyggjarane sjølv sende inn døme på dårleg språk frå det offentlege, og dei kan delta i diskusjonar på bloggen «I klartekst». – Fleire verksemder er allereie i gang med å betre språket, men eg vil at enda fleire tek ansvar for dette viktige arbeidet, som fremjar demokratiet og skaper tillit, seier statsråd Heidi Grande Røys.

 

 – Vi veit at innbyggjarane vil ha eit enklare og meir forståeleg språk. Ei undersøking viser at nær 40 prosent synest at offentlege styresmakter legg for lite vekt på å skrive forståeleg. Eg oppmodar difor alle statlege leiarar og kommunikasjonsmedarbeidarar til å ta ansvar for å betre språket, seier fornyingsministeren.


– Eg oppmodar òg innbyggjarane til å sende inn døme på dårleg språk til prosjektet, og til å ta del i diskusjonar som fremjar eit klart språk. Send inn brev, skjema og brosjyrar som de synest er vanskelege, oppmodar Heidi Grande Røys.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet samarbeider om å drive prosjektet «Klart språk i staten» fram til 2011.


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter