Lånekassen får klarspråksprisen for 2009

(20.8.09) Lånekassen vart i dag tildelt statens klarspråkspris for 2009. Prisen er ei påskjøning for arbeidet med godt og klart språk i statsforvaltninga og vart delt ut av fornyingsminister Heidi Grande Røys.

Klarspråksprisen«Lånekassen har gjort ein ekstraordinær innsats for å betre språket i alt frå brev, brosjyrar og skjema til nettkommunikasjon. Vi er spesielt imponerte over måten Lånekassen har involvert brukarane sine på i klarspråksarbeidet», seier juryleiar Kjell Lars Berge.

Prisen er del av prosjektet «Klart språk i staten», som er eit samarbeid mellom Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet. Det er første gongen prisen vert delt ut.

Prisvinnaren får ein glasskulptur som symboliserer klar og god kommunikasjon. Skulpturen er utforma av Maud Gjeruldsen Bugge, designsjef ved Hadeland Glassverk.

I juryen for klarspråksprisen sit Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo (juryleiar); Gunn Ovesen, administrerande direktør i Innovasjon Noreg;  Ola Breivega, filolog og språkkonsulent og Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør i Det Norske Samlaget og forfattar.

I prosjektet «Klart språk i staten» tilbyr Språkrådet og Difi òg ei verktøykasse med språkråd på nett, informasjon om språkprosjekt hos statsorgan, støtte til språkprosjekt, gratis kurs, malar og språkquiz.


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter