Klar tale frå statsråden

(16.6.09) Statsråd Heidi Grande Røys i Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) har sendt eit brev til kollegaene sine i regjeringa og oppfordra dei til å syte for eit  klart og forståeleg språk i eige departement og i eigen sektor.

Ho peiker på at departementa, som er øvst i byråkratiet, skal vere eit føredøme når det gjeld språk. Klart språk i det offentlege tryggjer demokratiet og styrkjer tilliten til staten, skriv statsråden i brevet. Ho viser til nettstaden www.klarspråk.no. Her kan statstilsette finne gode hjelpemiddel i språkarbeidet. Nettstaden er laga av Difi og Språkrådet, som samarbeider om prosjektet «Klart språk i staten».

Sjå nyheitsmelding på www.nrk.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter