På godt norsk

Språkrådet legg her fram ein del norske ord som kan brukast i staden for dei tilsvarande engelske. Lista vil bli utvida etter kvart. Ein skråstrek skil mellom nynorsk og bokmål. Forkortinga IKT står for "informasjons- og kommunikasjonsteknologi". Du kan søkje i lista ved å bruke søkjefunksjonen på nettlesaren. Somme av dei norske orda er allereie vel innarbeidde, mens andre ikkje er det. Stundom vil du finne fleire ord å velje mellom. Av og til er det slik at dei ulike orda høver i ulike samanhengar. Andre gonger har vi lagt fram fleire alternativ fordi ikkje eitt enkelt ord er innarbeidd, eller fordi fleire ord er i bruk.

Har du forslag til avløysarar for andre engelske ord som er på veg inn i språket vårt, kan du sende dei på e-post her. Vi tek elles gjerne mot kommentarar til lista.

Dersom du ønskjer å vere med i arbeidet med å finne norske ord og uttrykk for engelske, kan du melde deg på e-postlista Ordsmia. Meir informasjon om Ordsmia finn du her.

På godt norsk, juni 2002
@ krøllalfa
abort programbrot/programbrudd
access tilgang
access code tilgangskode
account manager kundeleiar/kundeleder, kundekontakt, jf. key account manager
actionfilm spenningsfilm, valdsfilm/voldsfilm
adde leggje til, leggje inn / legge til, legge inn (IKT)
affiliate verveside, lenkjefilial/lenkefilial; lenkjerepresentant/lenkerepresentant
affiliate program vervelenkjeprogram/vervelenkeprogram, filiallenkjeprogram/filiallenkeprogram, vervesideprogram, provisjonslenkjeprogram/provisjonslenkeprogram
aftershave etterbarberingsvatn/etterbarberingsvann
agenda sakliste, dagsorden; (tids)planleggjar/(tids)planlegger, sjuande sans / sjuende sans
aircondition(ing) klimaanlegg, luftkondisjonering
allround- altmogleg-/altmulig-, allsidig
allrounder allsidig person, altmoglegperson/altmuligperson
amplifier forsterkar/forsterker
applet miniprogram, javasnutt
approach tilnærming(småte), framgangsmåte, vinkel
art director (AD) kunstnarleg leiar/kunstnerisk leder (teater m.m.); grafisk formgjevar/formgiver (rekl.); reklamesjef (arb.liv)
att: (av eng. "attention") ved, v/ (ev. skriv ein berre namnet på ny linje)
attache leggje/legge ved, sende med
attachment vedlegg
audition prøvespel/prøvespill, rolleprøve, opptaksprøve, audisjon
auditory icon lydikon, lydlogo, auditivt ikon, jf. earcon
babyboom babybølgje/babybølge, fødselsbølgje/fødselsbølge, jf. boom
babyboomer babybølgjebarn/babybølgebarn, fødselsbølgjebarn/fødselsbølgebarn
backbone stamnett (IKT)
backing støtte, hjelp, oppfølging (allment); komp, akkompagnement, støtte (mus.); jf. oppbacking, backup
backlash tilbakeslag, motreaksjon
backlist tittellager, tittelportefølje (allment); bokportefølje (i forlag)
back-office kontortenar(program)/kontortjener(program) (IKT); kontorstøtte (adm.); jf. front-office
backpacker ryggsekkturist
backslash (\) omvend skråstrek / omvendt skråstrek
backstage bak scenen, bakscenes
backtracking tilbakesporing (IKT)
backup reservekopi, tryggingskopi/sikkerhetskopi (IKT); støtte, hjelp, oppfølging (allment); jf. backing
bake-off avsteik (generelt og om ein type bakverk som er klargjord for heving og steiking); ferdigheva/ferdighevet (ein annan type), halvsteikt (ein tredje); ferdigsteikt (ein fjerde); bakeløp (konkurranse)
balanced scorecard balansert målstyring
barbecue (hage)grill; grillmat; grillfest
benchmark referansenivå, -norm, -verdi, styringsmål, (allment/nær.liv); fastmerke (landmåling)
benchmark test yteprøve (IKT)
benchmarking referansemåling, referansenormering, styringsnormering
blackout jernteppe, minnesvinn (allment); mellombels medvitstap / midlertidig bevissthetstap (med.); stort straumbrot / stort strømbrudd (tekn.)
blog vevlogg, nettlogg, vevdagbok, nettdagbok (meir generelt), blogg, jf. weblogg
blooming punktforteikning/punktfortegning, svelling (tekn., IKT)
bodybuilder kroppsbyggjar/kroppsbygger
bodybuilding kroppsbygging
bodyguard livvakt
booke (inn) bestille, tinge; reservere; skrive seg inn
booking bestilling, tinging; reservasjon
bookmark bokmerke, favoritt
boom høgkonjunktur/høykonjunktur (økon.); oppgang, oppsving (allment); i sms. gjerne -bølgje/-bølge, jf. babyboom
booster effektforsterkar/effektforsterker, sluttforsterkar/sluttforsterker
boote starte (datamaskin), kaldstarte, jf. restart
brain drain hjerneflukt
brainstorming idédugnad, idémyldring
branding merkevarebygging (nær.liv); brennemerking (tatoveringsteknikk)
breakdance breikdans
break-down (breakdown) samanbrot/sammenbrudd
browse bla igjennom (IKT)
browse path leitebane/letebane, katalogstig/katalogsti, filstig/filsti (i dataprogram), jf. search path
browser (web -) nettlesar/nettleser, vevlesar/vevleser
bug programfeil, programlus, jf. debug
build versjonssteg, versjonstrinn (IKT)
business-to-administration (B2A) sal til det offentlege / salg til det offentlige (= business-to-government (B2G))
business-to-business (B2B) handel mellom bedrifter, bedriftshandel
business-to-consumer (B2C) sal til forbrukar / salg til forbruker
business-to-government (B2G) sal til det offentlege / salg til det offentlige (= business-to-administration (B2A))
button (jakke)merke (allment); knapp (IKT)
by-line (byline) namnestripe/navnestripe, signatur
cabinet kabinett ("skalet" til datamaskinen, telefonen o.l.)
call center (call centre) kundesenter, kundetelefon, ringjesenter/ringesenter, jf. help desk
calling dørtelefon (på hus)
campus skolegrend, bedriftsgrend, (kunnskaps-, teknologi-, studie- osv.) -park, kampus
canyon gjel, kløft, juv
canyoning juving, juvvandring
caps skyggelue, kaps
cardphone korttelefon
carjacking bilkapring
carport open garasje / åpen garasje, bilbås
case kasus, tilfelle, sak, eksempel(tilfelle), døme, jf. case study
case study kasusstudie, tilfellestudie, eksempelstudie, dømestudie, jf. case
cash management likviditetsstyring
catering matlevering; selskapsmat; keitering
catwalk motemolo
cellulite appelsinhud, cellulittar/cellulitter
cereal frukostblanding/frokostblanding, kornblanding
charter meldingsreglar/meldingsregler, sjarter, forfatningsdokument (gjeld nyheitsgrupper og e-postlister)
chat nettprat, tekstprat
chatte prate på nettet, tekstprate
chip (data)brikke, integrert krins / integrert krets, jf. integrated circuit, microchip
chips potetgull, potetlauv/potetløv
chunk knippe (psyk., tekn.)
chunking knipping (psyk., tekn.)
clou (frå fransk) høgdepunkt/høydepunkt, glansnummer
clue nøkkel, kjerne, poeng
clutch koplingspedal, kløtsj
coach trenar/trener, leiar/leder, rådgjevar/rådgiver, kusk
coache trene, rettleie/veilede
co-branded samprodukt
co-branding merkevaresamarbeid
comeback nydebut
common sense sunn fornuft, vanleg folkevett / vanlig folkevett
community nettstamme, nettgruppe, nettsamfunn (på Internett)
community-ansvarleg nettvert, redaktør, nettstammeansvarleg/-ansvarlig, nettgruppe-, nettsamfunn- (på Internett)
competitive edge konkurransefordel, konkurranseforsprang
compliance medvilje, medvilligheit/medvillighet, etterleving/etterlevelse (med., psyk.)
connector port, utgang, kontakt, koplingspunkt (maskinvare); portnar/portner, bindeledd (programvare)
content management innhaldsstyring/innholdsstyring
controller rekneskapsleiar/regnskapsleder, økonomioppfølgjar/økonomioppfølger, kontrollar/kontroller
cookie informasjonskapsel, kjeks (IKT)
copyright opphavsrett
corner hjørnespark, hjørnekast (idr.)
cottage cheese skjørost
cover charge inngangspengar/inngangspenger, kuvertavgift, entré
crabsticks krabbepinnar/krabbepinner
cracker dataknekkjar/dataknekker, datainnbrytar/datainnbryter, datavandal, datapirat
cross media publishing tverrpublisering
cyber- kyber- (brukt om datamaskiner og Internett-universet)
cyberstalking nettforfølging/nettforfølgelse, nettsjikane, netterror
data mart datatorg, avdelingsdatabasehus, avdelingsdatavarehus
data warehouse datavarehus, datalager, databasehus
deadline leveringsfrist, tidsfrist, dødstrek
debugge avluse; feilsøkje/feilsøke; rette programfeil, fjerne programlus; jf. bug
dedicated engasjert, ihuga, heilhjarta/helhjertet (allment); dedisert (litt.); dedikert, (særskilt) tilordna/tilordnet og tilpassa/tilpasset (IKT)
design formgjeving/formgivning, utforming, jf. layout
designer formgjevar/formgiver
desktop publishing (DTP) skrivebordssetjing/skrivebordssetting
direct mail direktereklame
disc-at-once heilbrenning/helbrenning, einøktsbrenning/enøktsbrenning, jf. session-at-once
disc-jockey (DJ) plateryttar/platerytter, diskjockey
discman lommedisko (for cd), lommespelar/lommespiller (for cd), jf. walkman
dispenser behaldar/beholder (for t.d. pappbeger)
display skjerm, teiknrute/tegnrute, (tekst)vindauge/(tekst)vindu (t.d. på telefonen)
docu-soap dokumentarsåpe, dokusåpe
dot (uttalt "dått" etter eng.) punktum (i Internett- og e-postadresser)
dotcom-selskap nettselskap
double backslash (\\) dobbel omvend skråstrek / dobbelt omvendt skråtrek, jf. backslash
double slash (//) dobbel skråstrek / dobbelt skråstrek, jf. slash
doughnut (amerikansk) smultring
downlight innbygd (tak)lys, nedlys
drawback ulempe, bakdel, mangel
driver drivar/driver (norsk uttale), styreprogram
dummy modell, prototyp
e(-) e- (= elektronisk) (IKT)
earcon lydikon, lydlogo, jf. auditory icon
e-business e-forretningar/e-forretninger, e-forretningsdrift; e-forretning (om det enkelte firmaet)
e-cash e-pengar/e-penger, digitale pengar / digitale penger
e-commerce e-handel, netthandel
economies of agglomeration samlokaliseringsfordelar/samlokaliseringsfordeler
editor redigeringsprogram (IKT)
edutainment leik-og-lær/lek-og-lær(-program), kunnskapsleik/kunnskapslek
e-learning e-læring
e-mail jf. mail
empower myndiggjere/myndiggjøre
empowerment myndiggjering/myndiggjøring
enter(tast) linjeskift(tast), retur(tast)
entertainer underhaldar/underholder, underhaldningsartist/underholdningsartist, enterteinar/enterteiner
equalizer tonekontroll; utjamnar/utjevner, utjamningsfilter/utjevningsfilter, jf. graphic equalizer
establishment, the det beståande / det bestående (samfunnet), etablissementet
e-tailer e-taljist, nettkjøpmann
eyeliner kajal, augeblyant/øyeblyant, jf. lipliner
facility management eigedomsforvaltning/eiendomsforvaltning, bygningsforvaltning
faction faksjon (fakta + fiksjon)
factoring faktoring, fakturakreditt
fair rimeleg/rimelig, rettferdig, real, ærleg/ærlig
fan tilhengjar/tilhenger, beundrar/beundrer
fanklubb beundrarklubb/beundrerklubb, venelag
fastfood raskmat, snøggmat, gatekjøkkenmat, jf. junkfood
feature preg-, bakgrunns-, dokumentar-, interesse-, tema- (i ymse samansetjingar, t.d. med -artikkel , -journalistikk)
feedback tilbakemelding, respons, reaksjon
fight (hard eller intens) kamp, hardt oppgjer / hardt oppgjør, fait
fighte kjempe, konkurrere, faite
fighter kjempar/kjemper, faitar/faiter
fighting spirit kampånd, kampglød, gå-på-humør
file server filtenar/filtjener
finish sluttspurt; finpuss; finisj
flap klaff (t.d. vengeklaff på fly)
flatmate bufelle/bofelle, medbuar/medboer
flatshare bufellesskap/bofellesskap, medbuarskap/medboerskap
flight (fly)avgang, (fly)rute
flight recorder ferd(s)skrivar/ferd(s)skriver
flip-over arktavle, papirtavle, stativblokk, flippover
flop fiasko, flopp
food processor matmølle, matprosessor, matkvern
footer botntekst/bunntekst, jf. header (IKT)
franchise forhandlarrett/forhandlerrett
franchising forhandlarrettssamarbeid/forhandlerrettssamarbeid
freelance frilans (adj.); frilansar/frilanser (subst.)
frisbee skjenebrett, sendeplate
front-office kontorklient(program), jf. backoffice
frozen shoulder frosen skulder / frossen skulder (med.)
fund raising pengeinnsamling, innsamlingsaksjon
fuzzy logic flytande logikk / flytende logikk, diffuslogikk, glidelogikk
gate utgang (på flyplass)
geek datafrik, datafantast
Global Positioning System (GPS) globalt posisjonsystem (GPS)
golden goal førstemålssiger/førstemålsseier, "første målet vinn" / "første målet vinner"
goodwill velvilje, godvilje
governance styring og ettersyn; delaktig styring / delaktighetsstyring
graphic equalizer grafisk tonekontroll, jf. equalizer
green holområde/hullområde (i golf)
greenkeeper golfgartnar/golfgartner
gründer grunnleggjar/grunnlegger (nøytralt); jobbar/jobber (negativt); jobbskapar/jobbskaper (positivt)
guide omvisar/omviser, reiseleiar/reiseleder, gaid
guts pågangsmot, kraft, karakter(styrke), tæl
hacker datakløppar/datakløpper, dataentusiast; datasnok
halfpipe snørenne
halloween graskarkveld/gresskaraften
handout støtteark
handsfree handfri/håndfri (mobiltelefon)
hanggliding hengeflyging, hengegliding
hangover fyllesjuke, tømmermenn, bakrus
happy hour billigtime, timetilbod/timetilbud
hard disc platelager, harddisk
hardware maskinvare
hat trick trillingmål
heade nikke, skalle, hedde
header topptekst, jf. footer (IKT)
headhunte handplukke/håndplukke, drive hovudjakt / drive hodejakt
headhunting handplukking/håndplukking, hovudjakt/hodejakt, utveljing/utvelging
heading overskrift, tittel (media); nikking, hedding (idr.)
heavy rock tungrock
help desk hjelpesentral, hjelpeteneste/hjelpetjeneste, kundehjelp, svarteneste/svartjeneste, jf. call center og support
hibernation mode dvalemodus (IKT)
highlight høgdepunkt/høydepunkt
hit-and-run ram og røm
hi-tech høgteknologisk/høyteknologisk)
holding company eigarselskap/eierselskap, holdingselskap
horrorfilm grøssar/grøsser, skrekkfilm
hoste (med eng. uttale) leige ut / leie ut [plass til] programvare og bruk av programvare på datamaskiner over Internett, jf. web hotel
hosted (med eng. uttale) utleigd/utleid
hosting (med eng. uttale) utleige/utleie
hostmaster namnemeister/navnemester, namneforvaltar/navneforvalter (for særskilde Internett-tenester)
hotlist favorittliste, ynlingsbokmerke/yndlingsbokmerker (IKT)
house huse (andres operative maskinvare i eigne lokale mot betaling), jf. hoste
housed husa/huset
housing husing
human resource manager personalsjef, personalkonsulent
image uttrykk, (personleg/personlig) stil, profil, omdømme, ry
implementere setje i verk/iverksette, setje ut i livet / sette ut i livet, gjennomføre
infomercial infoklame
infotainment info(r)nøyelse, nyheitsunderhaldning/nyhetsunderholdning, tabloid-
in-house intern-, firma- (i samansetjingar), sjølv/selv, på huset
inside trading innsidehandel
insider innsidar/innsider
instant coffee pulverkaffi/pulverkaffe
instant message direktemelding, hurtigmelding, snøggmelding
instant messaging (IM) direktemeldingst(j)eneste, snøggmeldingsteneste/hurtigmeldingstjeneste
integrated circuit integrert krins / integrert krets, (data)brikke, jf. chip
interface grensesnitt
Internet service provider (ISP) internettenesteytar/internettjenesteyter, tenesteytar på Internett / tjenesteyter på Internett
jetlag jet(t)sjuke/jet(t)syke, jet(t)ørske, døgnville/døgnvillhet
jingle lydvignett, lydlogo
joint venture fellesføretak/fellesforetak, samarbeidsprosjekt
joystick styrespak, kontrollspak
junkfood raskmat, gatekjøkkenmat, jf. fastfood
just-in-time-prinsippet i-rett(e)-tid-prinsippet, der-og-da-prinsippet
keeper målvakt
key account manager nøkkelkundeleiar/nøkkelkundeleder, nøkkelkundekonsulent
keyboard (tangent)fjøl, (tangent)brett (mus.); tastatur (IKT)
kick-off avspark (idr.); oppstart, start (allment)
killer application ("killer app") tetprogram, vinnarprogram/vinnerprogram (IKT)
knowhow fagkunnskap, faginnsikt, ekspertise
knowledge management kunnskapsforvaltning
laptop berbar datamaskin (PC) / bærbar datamaskin (PC)
layout grafisk utforming, oppsett, bladbunad, jf. design
leading zero leiande null / ledende null, førestilt null / foranstilt null
leasing leigefinansiering/leiefinansiering
leisure wear fritidsklede/fritidsklær
lighter (sigarett-)tennar/(sigarett-)tenner
link lenkje/lenke, peikar/peker, kopling (IKT)
lipgloss leppeglans
lipliner leppeblyant, leppekajal, jf. eyeliner
live direktesend/direktesendt, direkte
mail e-post, e-brev, e-melding, jf. e-mail
maile sende e-post, e-poste
mailing list adresseliste, (e-)postliste, utsendingsliste
mainstream- hovudstraums-/hovedstrøms-, midtstims-, midtstraums-/midtstrøms-
makeup sminke
management leiing/ledelse (bedrifts-), styring
management consultant bedriftsrådgjevar/bedriftsrådgiver, strategirådgjevar/strategirådgiver
manager leiar/leder, sjef, forretningsførar/forretningsfører, impresario, arrangør
manual handbok/håndbok
marketing marknadsføring/markedsføring
match kamp (idr.); jambyrdig motstandar / jevnbyrdig motstander, make; (full) klaff
matche passe saman med / passe sammen med, stå til; komme opp mot, måle seg med
m-commerce (mobile commerce) m-handel, mobilhandel
metallic (med) metallglans
microchip (data)brikke, mikrobrikke, integrert krins / integrert krets, jf. chip, integrated circuit
mnemonic hugsesymbol/huskesymbol, hugseregle/huskeregle
mnemonics hugsekunst/huskekunst, mnemoteknikk
mountain bike terrengsykkel, jf. offroad-sykkel
mountain biking terrengsykling, jf. offroad-sykkel
multitasking fleiroppgåvekjøring/fleroppgavekjøring (IKT)
musical musikkspel/musikkspill, musikal
must (eit/et) må, nødvendigheit/nødvendighet
mute sordin, dempar/demper
namedropping namnestrøing/navnestrøing, namnedryping/navnedrypping
news on demand nyheiter etter (ved) behov, på bestilling / nyheter etter (ved) behov, på bestilling, jf. on demand
newsfeed nyheitsmating/nyhetsmating
newsgroup temagruppe, nyheitsgruppe/nyhetsgruppe, diskusjonsgruppe (IKT)
noise words støyord (IKT)
offline (off-line) nedkopla/nedkoplet, fråkopla/frakoplet, jf. online
off-piste laussnøkjøring/løssnøkjøring, frikjøring
offroad-sykkel terrengsykkel, jf. mountain bike
on demand etter behov, behovs-, -bestillings-, tingings-, på førespurnad / på forespørsel, jf. news, print, publishing og video on demand
on-hook dialing rørlaus oppringing / rørløs oppringing
online (on-line) oppkopla/oppkoplet, tilkopla/tilkoplet, på nettet (IKT); tilgjengeleg/tilgjengelig eller "med" (sjargong), jf. offline
oppbacking oppbakking, jf. backing
option val/valg, moglegheit/mulighet (allment); opsjon (økon./pol.); funksjonsval/funksjonsvalg (IKT)
orphan drug smalt lækjemiddel / smalt legemiddel, fåbrukarmedikament/fåbrukermedikament
outsider utsidar/utsider
outsourcing (drifts)utsetjing/(drifts)utsetting, utskiljing/utskilling, funksjonsutsetjing/funksjonsutsetting
overhead skriftprosjektør, lysarkvisar/lysarkviser (tekn.); lysark, transparent (tekn.); administrasjonskostnader, felleskostnader (økon.)
overheadprojektor skriftprosjektør, lysarkvisar/lysarkviser
pager personsøkjar/personsøker
palmtop hand-PC/hånd-PC, lomme-PC, handhalden datamaskin / håndholdt datamaskin, jf. PDA
paper vitskapleg utgreiing / vitenskapelig utgreiing, innlegg, artikkel
patch reparasjonsfil, programfiks, feilfiks (IKT)
patchwork lappeteknikk, jf. quilt
PDA (personal digital assistant) PDA (personleg digital hjelpar / personlig digital hjelper), jf. palmtop
peer review fagfellevurdering, kollegavurdering
peer-to-peer (P2P) network likenett, jambyrdsnett/jevnbyrdsnett
peptalk peppreik, pepprat, kveikpreik, piffprat
performance-kunst framføringskunst
pink rosa, lyseraud/lyserød
plug-in programtillegg, innpluggingsprogram
policy politikk, taktikk, retningslinjer
polish poler(ings)middel, pussemiddel, polisj
pop-up menu sprettoppmeny, hurtigmeny, snøggmeny
poster plakat
presette førehandssetje/forhåndssette, førehandsinnstille/forhåndsinnstille
prime time beste sendetid
print on demand (POD) trykk etter behov (TEB), bestillingstrykk, tingingstrykk, jf. publishing on demand
printe (ut) skrive ut
printer skrivar/skriver
process flow prosessflyt
producer produsent, produksjonsleiar/produksjonsleder, produksjonsansvarleg/produksjonsansvarlig
promotion salsframstøyt/salgsframstøt; (fram)hjelp, fremming, promotering
proxy server mellom(ledds)tenar/mellom(ledds)tjener
public service (broadcasting) allmennkringkasting
publishing on demand medieuavhengig publisering, medienøytral publisering, jf. print on demand og on demand
push-up armheving
push-up-BH heve-BH, løfte-BH
quilt (vattert) lappeteppe, jf. patchwork
quilte sy (vattert) lappeteppe, jf. patchwork
rack reol (mus., IKT, allment)
rail takreling, takhaldar/takholder (tekn.); reling (allment)
reality-TV røyndoms-TV/virkelighets-TV, dokusåpe
referee fagkonsulent (i tidsskrift)
refill påfyll
release plateslepp/plateslipp
release notes produktmerknader, versjonsmerknader (IKT)
release party (plate)sleppfest/(plate)slippfest
research (for)undersøking/(for)undersøkelse, kjeldearbeid/kildearbeid
resette tilbakestille, nullstille
restart omstart, varmstart, jf. boote (IKT)
retail version forhandlarversjon/forhandlerversjon, salsversjon/salgsversjon (IKT)
reverse engineering omvend/omvendt utvikling, tilbakevikling, inversutvikling
road-movie landevegsfilm/landeveisfilm
roaming nettveksling, nett(om)streifing
roller blades rulleskøyter, rulleblad
roll-on (kule)deodorant
sample punktprøve (tekn.); lydsnutt, videosnutt (mus., media); utval/utvalg (samf.vit.)
sampling punktprøving (tekn.); digitalisering (mus., media); direkte utdeling av vareprøver (nær.liv)
scanne skanne, avlese
scanner skannar/skanner, avlesar/avleser
scoop varp, nyheitskupp/nyhetskupp, skup
scrapie skrapesjuke/skrapesyke (hos sau)
screen dump skjermdump, skjermbiletkopi/skjermbildekopi
screen shot skjermdump, skjermbiletkopi/skjermbildekopi
screening masseundersøking
scroll bar rullefelt, rullesjakt (IKT)
search path søkjebane/søkebane, søkjeveg/søkevei (i operativsystem), jf. browse path
server tenar/tjener, jf. webserver
session-at-once delbrenning, øktbrenning, fleirøktsbrenning/flerøktsbrenning, jf. disc-at-once
shoppe handle, gå på handletur, gå i butikkar / gå i butikker
shoppingsenter kjøpesenter, butikksenter
short message system (SMS) kortmeldingsteneste/kortmeldingstjeneste (for SMS-meldingar, dss. tekstmeldingar)
sidebar sidestolpe, infostolpe (IKT)
site (web -) vevstad/vevsted, nettstad/nettsted
sit-up magebøying, bukbøy
skateboard rullebrett
skins drakt, tema, ham (IKT), jf. themes
skippe late vere / la være, hoppe over, kutte ut
slash (/) skråstrek
slow motion langsam kino / langsom kino , sakte film
snowboard snøbrett
software programvare
sound klangfarge, lydstil
soundtrack lydspor
space management varestyring
space manager vareansvarleg/vareansvarlig
spam søppelpost
speaking notes handnotat/håndnotat, foredragsmanus, talemanus, talenotat/talenotater
spin-off avspinn, sideverknad/sidevirkning, sideeffekt
spotlight punktlys, punktlampe, spotlys
standby klar, parat, i beredskap (allment); beredskaps- (-fartøy, -troppar o.a.) (mil.)
standbybillett sjansebillett
standbymodus ventemodus, kvilemodus/hvilemodus (tekn., IKT)
stand-in reserve
stand-up-komikar/stand-up-komiker spontankomikar/spontankomiker, ståoppkomikar/ståoppkomiker
stashe (seg opp) stase (seg opp), pynte (seg)
streaming direkteavspeling/direkteavspilling (av video og lyd over Internett)
street credibility gatetruverd/gatetroverdighet
stretchlaken strekklaken
sub-woofer sub-bass(høgtalar)/sub-bass(høyttaler)
sudden death førstemålsspel/førstemålsspill
supply-båt forsyningsbåt
support brukarstøtte/brukerstøtte (IKT); støtte (allment); jf. help desk
supporter tilhengjar/tilhenger, støttemedlem
supporterklubb støtteklubb, tilhengjarklubb/tilhengerklubb, jf. fanklubb
surfe (på nettet) vandre, navigere
surround sound kringlyd
swimming pool symjebasseng/svømmebasseng
system(s) engineering systemutvikling
tab arkfane, fane, flik; etikett, merkelapp; tabb
take-away-food hentemat, ta-med-mat, hurtigmat
talkshow prateprogram
tap screen peikeskjerm/pekeskjerm, trykkjeskjerm/trykkeskjerm, berøringsskjerm, jf. touch screen
tape (s.) limband/limbånd, lydband/lydbånd, videoband/videobånd, teip
tape (v.) ta opp, teipe
target man oppspelspunkt/oppspillspunkt (idr.)
team (arbeids)lag, (samarbeids)gruppe
teambuilding lagutvikling, lagbygging
teamwork lagarbeid, samarbeid
telemarketing marknadsføring/markedsføring (over telefon)
themes tema, drakt, ham (IKT), jf. skins
think-tank tenkjesmie/tenkesmie, tenkjetank/tenketank
throbber puls-ikon (ikon i nettlesarar som er animert under søk el. nedlasting)
thumbnail miniatyrbilete/miniatyrbilde, knøttbilete/knøttbilde (IKT)
tights trongbukse/trangbukse
time berekne/beregne, planleggje/planlegge, taime
time manager sjuande/sjuende sans, tidsplanleggjar/tidsplanlegger
time-out det å gå i tenkjeboksen / det å gå i tenkeboksen (ped.); klokkestopp (idr.)
timeshare tidspart, deltids(bruks)rett; parts-/andels- (t.d. -båt, -hytte)
timesharing tidsdeling, deltidsbruk; deltids(l)eige/deltids(l)eie
toastmaster visevert, kjøkemeister/kjøkemester
tooltip verktøyhjelp (IKT)
touch screen peikeskjerm/pekeskjerm, trykkjeskjerm/trykkeskjerm, berøringsskjerm, jf. tap screen
touchpad styreplate, peikeplate/pekeplate (IKT)
trainee opplæringstilsett/opplæringsansatt, opplæringskandidat, aspirant, praktikant
transparency adapter dias-adapter
trick or treat knep eller knask, godteri eller fanteri, snask eller snusk, grøss eller godteri (seier barna på graskarkvelden: amerikansk Halloween)
trigge setje i gang / sette i gang, utløyse/utløse
trigger utløysande faktor / utløsende faktor, inspirasjonskjelde/inspirasjonskilde
turnover gjennomtrekk, utskifting
turnspeak vrengjetale/vrengetale
underscore understrek
understatement underdriving/underdrivelse
video on demand video på førespurnad / video på forespørsel; videotorg
voice mail talepost
voice response talesvar, innvalssørvis/innvalgssørvis, talerespons
voucher studiebillett, studiesertifikat (utd.); (hotell)kupong
walkman lommespelar/lommespiller, lommedisko, jf. discman
walkover autoopprykk; gratissiger/gratisseier
wap(-telefon) vapp(-telefon) (den første typen mobiltelefon med tilgang til enkle Internett-tenester)
wearable computer kropps-PC, kroppsboren datamaskin / kroppsbåret datamaskin, plagg-PC
weasel beltebil
web designer vevutformar/vevutformer, nettskreddar/nettskredder, vevarkitekt, nettsidearkitekt
web hotel vevhotell, vevlosji
web pad nettfjøl, infofjøl, nettbrett
weblogg vevlogg, nettlogg, vevdagbok, nettdagbok, jf. blogg
webmaster vevadministrator, vevmeister/vevmester, vevredaktør
webserver vevtenar/vevtjener
webside vevside, nettside
weekend helg, vekeslutt/ukeslutt
whiplash nakkesleng
whiteboard tusjtavle
whiteboard-svamp tavleviskar/tavlevisker, tavlepapir
widescreen breiskjerm/bredskjerm
windsurfing brettsegling/brettseiling
wizard vegvisar/veiviser, los (i dataprogram)
workflow arbeidsflyt
workshop arbeidsseminar, verkstad/verksted
workspace arbeidsområde, arbeidsflate (IKT)
World Wide Web Verdsveven/Verdensveven


Sist oppdatert 13. januar 2004

[Ordsmia]

[Heim]


Norsk språkråd, Postboks 8107 Dep, 0032 OSLO. Tlf. 24 14 03 50. Faks 24 14 03 51