Trygd og trygding

I eldre nynorske tekstar er trygd og trygding nytta om heilt andre ting enn i bokmål. Kva er grunnen til det?

Svar

Det korte og greie ordet trygd var ein gong i tida det viktgaste nynorske motstykket til «sikkerhet» og «garanti». Å trygda var å forsikra, og trygding var forsikring. 

Utgangspunktet for utgreiinga er dette enkle systemet med tradisjonell nynorsk og bokmål:

trygg = sikker
å tryggja
= gjøre sikker
trygd = sikkerhet, garanti
trygding = forsikring

Trygd no

På det økonomiske området er trygd ‘garanti’ (trygd for lånet), og det å «stille sikkerhet» kan vera å «gje trygd». «Sikkerhetsdokument» i banksamanheng er etter ordboka lånetrygddokument.

Trygd kan enno brukast slit, men ein bør syta for at meininga går fram av samanhengen. Ordet kan ikkje brukast fritt i samansetningar. Til dømes er trygdefond tvitydig, så «sikkerhetsfond» er tryggingsfond eller sikringsfond (det siste då med ei litt anna avgrensing enn i bokmål), og «sikkerhetsrett» (jf. «pantesikkerhet» o.a.) er no tryggingsrett (trass i at pantetrygd er brukande).

I bokmålsnær nynorsk er trygd berre ei viss form for offentleg forsikring eller tilskot, som i bokmål, jf. ordet folketrygd.

Om ein ikkje vil nytta trygd, kan ein bli nøydd til å ty til sikkerheit ein gong iblant. (Merk: Ikkje bruk sikring ukritisk.) Ein kan truleg ikkje alltid gå beint på underomgrep som garanti, kausjon og pant. Ein kan heller ikkje utan vidare ta sjansen på trygging/sikring, for desse orda er ikkje alltid innarbeidde i den aktuelle tydinga. (Finn du ikkje samansetninga i rett tyding på nb.no, bør du styra unna.) Trygging/sikring mot tap er likevel greitt.

I verne- og forsvarstyding (jf. safety og security) har vi alltid hatt ordet tryggleik, men før dekte trygd meir av denne typen sikkerheit òg.

Trygding

Trygding var før det vanlege nynorskordet for forsikring. I samansetningar var det likevel ofte trygd- som galdt. «Forsikringspolise» heitte lenge kort og godt trygdebrev. Etter kvart vart trygding meir og meir nytta for å presisera at det galdt forsikring, ikkje trygd i den innsnevra tydinga.

Framgang for orda, men innsnevring av tydinga

Her er eit utklipp frå Statsspråk 4/2011:

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.06.2017 | Oppdatert:17.04.2024