Trunkere

Kva tyder trunkert, som i «trunkert søk»? Det er eit uttrykk som ein ofte støyter på når ein søkjer på nettsider.

Svar

Trunkere kjem via engelsk frå latin. Trunkert tyder i grunnen ‘avkappa, styvd’.

Verbet heng saman med det latinske substantivet truncus, som tyder ‘stuv’, ‘stamme’ eller ‘bol’ (kropp utan hovud).

I Nynorskordboka er trunkere forklart slik:

kutte av; i edb: erstatte byrjinga eller slutten av ein søkjestreng med eit spesialteikn som står for eitt eller fleire vilkårlege teikn; som adjektiv i perfektum partisipp: eit trunkert søk

Eit trunkert søk gjer ein ved å hogge av fram- eller bakenden av eit ord og setje inn eit spesialteikn for den avhogne delen. Spesialteiknet (som òg blir kalla jokerteikn eller «wildcard») er oftast ei stjerne, eit spørjeteikn eller eit prosentteikn.

Ein kan til dømes skrive *rock, og då får ein treff på alle ord som sluttar på -rock (femtitalsrock, garasjerock, jazzrock osb.). Dette er venstretrunkering. Ein kan òg høgretrunkere og skrive rock*. Då får ein treff på alle ord som byrjar på rock- (rockabilly, rockemusikk, rockestjerne osb.). Skriv ein *rock*, kan ein få i både pose og sekk.

I Norsk dataordbok (Universitetsforlaget 1997) står dette:

Avkutting, trunkering
Engelsk truncation
Fransk troncature

1 Utelatelse av et eller flere av de minst vektige sifrene i en tallrepresentasjon uten at den resterende del blir justert.
Jf. avrunde.

2 Utslettelse eller utelatelse av en del i begynnelsen eller slutten av en streng.

Men avkutting ser ut til å ha tapt som avløysar. Trunkering er innarbeidd i vide krinsar, truleg med norsk uttale (o-lyd for u føre nk).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.10.2017 | Oppdatert:25.04.2024