Tredjedel, tredel, fjerdedel, firedel og så vidare

Dei siste åra synest eg det er vorte mykje vanlegare å skrive åttedel enn åttendedel eller åttandedel. Eg har sjølv gitt meg for overmakta og gått over til åttedelsfinale. Kva alternativ tilrår Språkrådet?

Svar

Her må du nesten velja sjølv. Det er valfritt.

Nedanfor får du bakgrunnen. Det er sjølvsagt valfritt om du vil lesa vidare òg.

Åttedel og åttandedel er heilt jamstilte former, som tredel og tredjedel, firedel og fjerdedel og så vidare, sjå til dømes Nynorskordboka. Slik har det vore sidan 25.5.1951, då eit rundskriv frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet slo fast både dette og den nye teljemåten (tjueein for einogtjue osv.). Mellom1951 og 2005 skulle grunntalsnemning forresten vera obligatorisk frå tretten og oppover (altså trettendel osv.). No er trettendel og trettandedel osb. valfrie former.

Rein forenkling − med forvikling

Tredel osv. er innført som ei pedagogisk forenkling, men eit nytt system oppå eit gammalt system er jo meir komplisert enn noko av systema åleine. Dette brevet som vi har fått, viser kva forvirring som kan oppstå når vi har to måtar å omtala det same på:

«Det står på siden her at man kan si en fjerdedel i stedet for en firedel. Dette kan vel ikke være riktig? [...] La si vi snakker om en bil. Da er en firedel 25 % av bilen. Hvis man sier en fjerdedel så blir det som å si at man har del nummer fire av bilen, noe som betyr noe helt annet?»

Det er ikkje rart at folk tenkjer i slike baner. Der det finst ulike ord eller former, søkjer folk ulik meining med dei. Men firedel og fjerdedel er altså det same, så påstanden ovanfor er galen.

Eldre ord

I retteleg gamle dagar heitte det forresten tridjungfjordung/fjerding osv., som òg var framifrå gode ord. Sidan kom tredjepart og fjerdepart inn og gjorde seg seg sterkt gjeldande, ikkje minst i målføra, der desse orda mange stader heldt seg lenge.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.02.2017 | Oppdatert:19.04.2024