Tofaktorautentisering, totrinnsbekreftelse og liknande

Kva er rettast av desse alternativa?

1) tofaktor autentisering
2) to-faktor autentisering
3) tofaktor-autentisering
4) to-faktor-autentisering
5) tofaktorautentisering
6) tofaktorautentisering og så vidare med -s-
7) 2-faktor autentisering og så vidare med sifferet 2

Kva heiter forresten totrinnsbekreftelse på nynorsk?

Svar

Det rettaste er tofaktorautentisering (5).

Dei to fyrste variantane rår vi frå. Bindestrekvariantane 3 og 4 kan brukast pedagogisk, om ein meiner det må til for at lesaren skal oppfatta ordet greitt. Siffervariantane er frårådde.

Det kan vera påverknad frå engelsk som gjer at vi ikkje brukar varianten med -s-, men det er det uråd å endra på. 

Totrinnsbekreftelse og liknande

Bokmål totrinnsbekreftelse kan gjerne kallast tostegsstadfesting i tradisjonell nynorsk, men alle variantar med trinn/steg og stadfesting/bekrefting er formelt korrekte. Likeins kan totrinnspålogging gjerne kallast tostegspålogging.

Merk at det er grammatisk rett med både to stegs stadfesting, tostegs stadfesting og tostegsstadfesting, med tre ulike uttalar. Det nye faste IT-omgrepet bør likevel skrivast i eitt, for det blir helst uttalt som eitt ord.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.01.2018 | Oppdatert:19.04.2024