Slå seg på brystet eller for brystet?

Heiter det å slå seg for brystet eller å slå seg på brystet?

Svar

Det spørst kva du meiner. Dette er to nokså ulike handlingar!

Lukasevangeliet kapittel 18 fortel om den sjølvgode farisearen og den audmjuke tollaren som gjekk opp til tempelet for å be. Om tollaren står det i nynorskbiblane (vers 13) at han «slo seg for bringa», og i bokmålsbiblane at han «slo sig for sitt bryst» (1930) eller «slo seg for brystet» (1978 og 2005). Så sa han: «Gud, ver meg syndaren nådig!»

I gamle dagar kunne det rett nok heite at den ovannemnde tollaren «slog sig paa sit bryst», men i dag kan vi gå ut frå at det er dette som gjeld:

Å slå seg for brystet (nynorsk òg for bringa) er eit uttrykk for hugbrot, trege og anger. (Eit minneteknisk knep kan vere å halde det saman med at noko fell ein tungt for brystet.)

Å slå seg brystet er uttrykk for styrke og byrgskap, ja, for å bryste seg. (Vi ser snarare føre oss ein Tarzan-figur enn ein tregande tollar.)

Å slå seg til brystet, som òg førekjem på nettet, er det ikkje noko som heiter.

Mange, til og med kjende forfattarar, blandar saman uttrykka, men det kan vi slett ikkje tilrå, endå danskane til ein viss grad gjer det. Dei har sett opp ei alternativ tyding av å slå sig for brystet på fyrsteplass i Den Danske Ordbog. Det norske Akademis ordbok opererer også med en positiv tyding 2.

Hovudproblemet er nett at folk bruker for brystet i staden for på brystet, kanskje fordi det kling meir litterært og finare. Det ser nesten ut til at svenskane var fyrst ute med samanblandinga, jf. Svenska Akademiens ordbok, der forklaringa er at farisearen er gjord til brystslåar ved ein minnefeil. Slik vart det å slå seg for brystet uttrykk for sjølvgodheit:

slå sig för sitt bröst: anv., under anslutning till uttr. brösta sig, yfvas, uppkommen gm minnesfel, i det att man felaktigt tillagt den själfgode fariséen i den nytestamentliga berättelsen om fariséen o. publikanen den åtbörd gm hvilken publikanen ger uttryck åt sin förtviflan

Om det er uråd å halde uttrykka frå kvarandre, som Google-søk kan tyde på at det er, må rådet vere å liggje heilt unna varianten med for og heller omtale anger med andre ord. 

Engelsk har forresten beat one's breast i den bibelske tydinga (som står i kontrast til chest-thumping).

Sjå elles denne nettsida om preposisjonsbruk.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.10.2017 | Oppdatert:18.04.2024