Seg eller han/ho?

Skal eg bruke seg eller han/ho i desse setningane?

Ola lét dei stå og sjå på [?] ei stund.

Ho høyrer nokon rope bak [?], og snur seg.

Anne fekk Kjell til å ta kveldsvakta for [?].

Svar

Bruk seg for å vise tilbake til det næraste tenkjelege subjektet og han/ho for å vise til noko utanfor det.

Domene

Refleksivpronomenet seg (og det refleksive eigedomspronomenet sin) viser som hovudregel til subjektet i det domenet det står i. Med «domene» meiner ein her anten ei setning med bøygd verb og grammatisk subjekt eller ei setning utan grammatisk subjekt, som infinitivskonstruksjonar, småsetningar og substantivfraser. Den første typen setning blir kalla «opne setningar», den andre typen «skjulte setningar». I eksempla har vi å gjere med tre infinitivskonstruksjonar: «sjå på», «rope bak» og «ta kveldsvakta for». Vi kjem attende til dei.

Opne setningar

I opne setningar er det som regel lett å finne subjektet og dermed avgjere om det høver å bruke seg eller eit anna pronomen:

Ola ville at dei skulle sjå på han.

Her er dei subjektet i leddsetninga. Ettersom meininga er at dei andre skulle sjå på Ola (ikkje på seg sjølv), må ein velje han, endå det òg kan vere tale om ein annan han

Skjulte setningar

Skjulte setningar har ikkje noko grammatisk subjekt, og her kan ein ofte vere i tvil om kva som er rett. Alle dei tre setningane du spør om, er av dette slaget. Merk at faktisk bruk i slike setningar varierer, og at det finst ein viss dialektvariasjon. I skriftmålet gjeld nok likevel hovudregelen om at seg (berre) viser tilbake til subjektet i det domenet det står i.

Ola lét dei stå og sjå på [?] ei stund.

Det skjulte subjektet til verbet sjå er dei, altså er det dette leddet seg vil vise til her. Ettersom meininga er at dei såg på han, må ein altså velje pronomenet han:

Ola lét dei stå og sjå på han ei stund. (At det òg kan vise til ein han nummer 2, får våge seg.)

I den neste setninga er det skjulte subjektet nokon:

Ho høyrer nokon rope bak [?], og snur seg.

Ettersom situasjonen er slik at nokon roper bak ryggen hennar, ikkje bak ryggen på nokon annan, må ein derfor setje inn ho (eller valfritt henne):

Ho høyrer nokon rope bak ho, og snur seg.

I praksis vil likevel varianten med seg i dette tilfellet bli forstått på same måte, fordi det i den gitte samanhengen ikkje gir meining at seg skal vise til nokon.

Også i det siste eksempelet nedanfor er samanhengen slik at ein vil få same tolking anten ein vel å bruke seg eller ho. Formelt er det skjulte subjektet i leddsetninga Kjell, men det gir jo ikkje meining at Kjell skulle ta kveldsvakta for seg sjølv.

 Anne fekk Kjell til å ta kveldsvakta for ho/seg.

Det er altså ikkje ordvalet som avgjer korleis nett dette blir forstått i praksis. I mange dialektar vil ein faktisk bruke refleksiv som standardløysing heilt til det mest sannsynleg gir ei anna meining enn den tilsikta. I skriftmålet går ein derimot gjerne over til han/ho/henne så snart refleksiven i teorien kan gi ei anna tolking. «I teorien» kan bety «når vi set inn litt andre ord på dei same plassane», jamfør neste avsnitt.

Meiningsskilnad

Om vi set inn ein annan verbfrase i den same setninga, kan ordvalet, altså valet av pronomen, gi klar meiningsskilnad:

Anne fekk Kjell til å klippe seg.

Anne fekk Kjell til å klippe ho/henne.

I den første setninga bør vi kunne rekne med at det er Kjell som blir klipt. (Dialektalt kan det vere uavgjort, men her har skriftmålet klåre krav.) I den andre setninga er det naturlegvis Anne som blir klipt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter