På båten

Kvifor heiter det å gi noko eller nokon på båten når ein gir det eller dei opp?

Svar

I Nynorskordboka og Bokmålsordboka står ordlaget under båt, men merk denne presiseringa i Nynorskordboka:

«i tyding 4 omtydd etter nederlandsk bot geven ‘gje, fire tau’»

Bot er tauende. Poenget er altså at ein slepper taket og lèt noko gå fritt i den andre enden.

Etymologane Hjalmar Falk og Alf Torp er ikkje snaue i omtalen av uttrykket:

I Svenska Akademiens ordbok er det tolka meir bokstavleg, som å setja nokon på ein båt som skal til helvete e.l.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:23.04.2024