Lovbrudd, forbrytelser, forseelser o.a. på nynorsk

Korleis omset vi bokmål forbrytelse og forbryter til nynorsk, og kva heiter forseelse på nynorsk?

Svar

I jussen har ein skilt mellom to slags lovbrot (= bokmål lovbrudd). Den mest alvorlege forma har ein kalla brotsverk, som svarer til bokmål forbrytelse. Den andre forma er misferd, som heiter forseelse på bokmål. No heiter alt berre lovbrot.

Den som gjer seg skuldig i eit brotsverk, på bokmål forbryteren, vart frå gammalt kalla brotsmann på nynorsk. I dag kan ein gjerne nytte brotsperson i staden, som ein overordna, kjønnsnøytral term. Det er òg mogleg å skilje mellom brotsmenn og brotskvinner.

For folk som gjer seg skuldige i misferd, finst det ikkje noka særskild nemning (slik det heller ikkje gjer på bokmål for det tilsvarande).

Den som bryt lova og gjer seg skuldig i anten brotsverk eller misferd, blir kalla gjerningsperson med ei overordna, kjønnsnøytral nemning som høver like godt på bokmål som på nynorsk. (På bokmål heiter det òg forøver.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:22.04.2024