Eksklusiv(e), inklusiv(e)

Heiter det eksklusiv meirverdiavgift eller eksklusive meirverdiavgift?

Svar

Det er valfritt.

Eksklusiv(e) tyder ‘unnateke, frårekna, utan(om)’.

Inklusiv(e) tyder det motsette: ‘med, medrekna’.

Ver merksam på at ikkje alle forstår orda inklusiv(e) og eksklusiv(e).

Adverbet eksklusiv(e) er noko heilt anna enn adjektivet eksklusiv ‘fornem, for nokre få utvalde’. Det kan berre heite ein eksklusiv klubb utan -e og den eksklusive klubben med -e.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.08.2017 | Oppdatert:18.04.2024