Det offentlege rommet

Eg lurer på når uttrykket «det offentlege rom» eller «det offentlige rom» først vart teke i bruk i norsk. Eg lurer òg på opphavet, reint språkleg, og kva ein legg i det.

Svar

Bruken av «offentleg rom» om konkrete lokale eller stader (skular, kyrkjer, stasjonar osb.) er nokså gamal. Men den abstrakte tydinga du viser til, som er knytt til bunden form eintal, er av nyare dato. Eit viktig spreiingssentrum har truleg vore boka Borgerlig offentlighet (no. utg. 1971) av den tyske filosofen og sosiologen Jürgen Habermas.

Ordet offentleg kjem frå tysk av offen» (= ‘open’, ‘openlys’). Det viser i utgangspunktet til noko som er ope for alle, ofte sett opp mot «det private (rommet)». 

Uttrykket brukt i bunden form eintal har minst to tydingar. For det fyrste kan det vise til det fysiske utemiljøet, særleg i byane, det som alle har tilgjenge til: gater, torg, plassar, parkar osv. Den andre tydinga er nærmast synonym med offentlegheita (nynorsk òg ålmenta/allmenta), altså den opne sfæren i samfunnet der vi er tilskodarar og deltakarar. Dette metaforiske rommet finst i og omkring opne massemedium, Internett og andre stader der ein kan uttrykkje seg for alle som vil sjå, høyre og ordskiftast. 

På nynorsk er varianten «det offentlege rommet» mest brukt, og vi tilrår den.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:22.04.2024