Brann i rosenes leir

Kva tyder uttrykket «brann i rosenes leir», og kva heiter det på nynorsk?

Svar

Det tyder ‘stort oppstyr der det elles er idyllisk og fredeleg’, jamfør Bokmålsordboka

Uttrykket står ikkje i Nynorskordboka (per 2017), men kan nyttast i nynorsk. «Brann i roseleiren» og «brå slutt på idyllen» er andre alternativ.

Opphavet til uttrykket er Henrik Wergelands eventyr «Røde og graa Dompaper» frå 1844. Innleiinga står nedanfor. Resten av historia er mildt sagt vanskeleg å samanfatta, så klikk gjerne på lenkja ovanfor og ta ein titt sjølv.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.04.2017 | Oppdatert:23.04.2024