År på baken eller nakken?

Heiter det å ha mange år på nakken eller på baken?

Svar

Det heiter helst å få år på baken og få til dømes politiet på nakken. Men det har vore vanleg å ha så og så mange år på nakken òg.

Uttrykket «år på baken» har sjølv mange år på baken. Det finst allereie i gammalnorsk i uttrykket «hafa marga vetr á baki», altså vintrar på ryggen, som bak gjerne tydde før. Det handlar om kva ein ber på, i vid tyding, ikkje kva som har auka kroppsvekta.

Alternativet mange år på nakken har òg mange år på baken i norsk talemål og litteratur, og det er dessutan brukt i svensk og eldre dansk, så gale kan det ikkje vere.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter