Akillesane eller akillessena

Eg har stadig vondt i akillesane, men kan eg skrive det?

Svar

Det heiter i utgangspunktet ei akillessene (eller ei akillessen) etter «Akilles» (gresk Akhillevs) + «sene».

I sjargongen heiter det gjerne berre ein akilles og «vondt i akillesen», og det kan godt hende at dette ordet kjem i ordbøkene. I så fall blir det akillesane i fleirtal på nynorsk. Men førebels er det best å skrive akillessene fullt ut i meir seriøse samanhengar, med to s-ar.

Nynorsk:
ei akillessene – akillessena – akillessener – akillessenene
(ein akilles – akillesen – akillesar – akillesane)

Bokmål:
ei/en akillessene – akillessena/-en – akillessener – akillessenene
(en akilles – akillesen – akilleser – akillesene)

Ei sene heiter òg tradisjonelt ei sen i store delar av landet, men det er nok lite brukt i dette ordet, og minst av alt skriftleg.

Akillessenene er så å seie din akilleshæl, altså ditt svake punkt. Dei to orda er av same rot: Mor til den greske segnhelten Akilles skal ha dyppa son sin i ei av elvane i dødsriket, Styx, for å gjere han usårleg. Ho heldt han i hælen, som difor ikkje vart skikkeleg «impregnert». Såleis vart ei pil i hælen banen hans i slaget ved Troja.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter