Invitasjon til seminar
10. februar
Betyr utdanningsnivået i norsk noko for kva haldning norsklærarar har til faget sitt? Har det noko å seie kor mange år dei har arbeidd som norsklærar? Likar dei jobben og elevane, og kva meiner dei om arbeidsomfang og innhald i faget? Dette og meir til har Språkrådet spurt norsklærarar i ungdomsskolen og vidaregåande skole om.
Resultata frå undersøkinga legg Språkrådet fram på eit ope seminar torsdag 10. februar. Av omsyn til plassen, vil vi gjerne ha påmelding innan 8. februar. Meir om programmet og påmelding finn du i invitasjonen [pdf].