Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Norske avløysarord

1 Når treng vi avløysarord?

Vi ønskjer å finne norske avløysarord fordi dei norske orda er lettare å uttale, og dei føyer seg betre inn i norske grammatiske mønster. Dessutan gir dei nordmenn klårare assosiasjonar enn dei utalandske orda gjer. For eksempel er ordet manager ulagleg i norsk, sjølv om det har vore brukt i lengre tid og står i norske ordbøker. På grunn av uttalen kjenner folk dette ordet som fremmendt og avstikkande. I slike tilfelle burde vi ha laga og teke i bruk eit betre ord.

Men ein treng ikkje investere krefter i å lage avløysarord for alt nytt som kjem. Stress har vi ingen problem med i norsk. Verbet kråle fungerer også perfekt. Vi uttalar det med norske lydar, bøyer det på norsk og lagar nye samansette ord med det. Nett som om ordet var eit arveord. Det er vel tvilsamt om det hadde vore noka vinning om det i si tid blei innarbeidd eit beskrivande ord, f.eks. kravlesymje. Det ville vere som å skifte ut hjarte med blodpumpe.

Slik kan ein også tenkje om ordet skanne. Ein kunne lage ord som f.eks. innlysar og lyslesar, og desse orda er i seg sjølve gode. Men dei er lengre. Kan hende var det like godt at vi tok inn det nye ordet i norsk for denne spesielle teknikken ("bevege seg over noe langs tettliggende parallelle linjer, gjennomsøke", jf. Nyord i norsk 1945–1975). Ordet har faktisk vore i bruk i norsk frå 1960-talet. Ordet føyer seg lett inn i norske bøyingar og ordlagingsmønster (jf. skannar, skanneteknikk). Einaste problemet med ordet er at mange ikkje uttalar det med vokalen a. Det har blitt eit problem først og fremst dei siste åra etter at datateknikken har gjort skannarane så utbreidde. Mange uttaler ordet skanne slik at det rimar på venne, og somme bruker ein meir engelsk æ-lyd. Det er ikkje utenkjeleg at språkvanane her endrar seg, slik dei har gjort f.eks. når det gjeld jass, kidnappe osv. Dette (ev. mellombels) problemet er kanskje mindre enn å få ordet bytt ut med eit heilt nytt.

Vi kan ikkje vere heilt sikre på kva som er rette strategien i kvart enkelt tilfelle. Ordet dias – som fungerer heilt godt i norsk uttale og grammatikk – kom også i bruk på 1960-talet, men det har neppe fått overtaket på det norske avløysarordet lysbilete, sjølv om det norske ordet er litt lengre og tyngre.

2 Fagspråk og allmennspråk

Fagspråket er ein arbeidsreiskap som stiller spesielle krav, ikkje minst til eintydigheit og standardisering. Derfor blir det lagt vekt på presise definisjonar. Fagterminologien er ofte utvikla i systematisk samarbeid i spesialistgrupper, f.eks. ved at det blir laga fagordbøker.

Ein stiller andre krav til allmennspråket. Eit generelt krav om absolutt eintydigheit og standard ville nok vere svært uheldig, for det kunne redusere kreativiteten. Mennesket har bruk for fritt rom til både å antyde og vere tvitydig. Vi har bruk for upresise ord òg. Ei ordbok over allmennspråket skal derfor ikkje først og fremst føreskrive kva eit ord bør bety, ho skal heller fange opp kva tyding orda i praksis har i det "slarkete" kvardagsspråket.

Det er inga heilt klår grense mellom det allmenne og det fagspesifikke. Visse emne innafor visse fag er av stor interesse også for allmugen. Så spesialiserte som f.eks. ein del sportsgreiner er blitt i dag, kunne ein seie at sportsspråket er blitt eit fagspråk. Men den breie interessa for sport gjer at sportsfagorda blir plukka opp av kommentatorar og journalistar og formidla vidare til vanleg interesserte, som bruker dei i diskusjonane under neste lunsjpause. Her flyt altså grensa mellom fagspråk og allmennspråk.

3 Eitt eller fleire avløysarord?

Norske fagtermar bør mest mogleg stå i eit ein-til-ein-forhold til dei utalandske. Men mange av allmennorda har ofte ein så sterkt beskrivande funksjon at dei lettare kan 'omsetjast' friare slik at ein bruker ulike ord på norsk alt etter samanhengen. Har ein berre eitt avløysarord til eit engelsk ord, ligg det sjølvsagt ein strategisk fordel i dette samsvaret så lenge det engelske ordet står sterkt i medvettet. Men beskrivande norske ord er somtid fulltreffarar berre innafor eit avgrensa bruksområde for det utalandske ordet, og derfor vinn dei ikkje fram innafor andre kontekstar. For eksempel har ordet tilbakemelding sigra på eitt felt i norsk, men i samband med pumpeteknikk heiter det nok feedback, for der kan ikkje tilbakemelding brukast. Med tanke på at orda skal gi klåre bilete eller gode beskrivingar, kan det nettopp vere ein fordel om ein får ulike avløysarord alt etter kva område det blir brukt på.

Det er altså ikkje eit enkelt svar på om ein skal utarbeide eitt eller fleire avløysarord. Men di sterkare term-karakter ordet har, di større fordel er det med berre eitt avløysarord, dvs. eit ord som kan definerast likeins som det tilsvarande utalandske ordet.

Når det gjeld å lansere framlegg til avløysarord, er ein ikkje avgrensa til å autorisere berre eitt. Det er ikkje skjedd nokon stor skade om ein har fleire ord for same omgrepet ei tid. Da kan skaparevna få boltre seg litt lenger, og det endelege resultatet kan bli betre – anten det blir eitt eller fleire ord. I dag blir outsourcing tilrådd bytt ut med både utkontraktering, utsetjing, konkurranseutsetjing, driftsutsetjing og utskiljing, og display har fått både teiknrute, teiknvindauge, skjerm og panel som foreslåtte norske tilsvar. Tida får vise kva ord som slår best an.

Det er viktig at ord kan vere "produktive", dvs. at dei kan gå inn i samansetningar. Såleis er det ofte ein fordel om ord som heng saman i innhald, har eit felles element. For eksempel er ordet spark blitt brukt i mange samansetningar i fotballspråket: frispark, straffespark, avspark. Og vi bruker fag først i fleire samansetningar (f.eks. fagforeining, fagorganisert) der ein på engelsk bruker trade-union. Dei siste åra har ein i dataspråket prøvd å lage mange samansetningar med vev- og nett- (vevansvarleg, verdsveven, nettstad, nettside osv.). Slike samansetningar med fellesledd skaper ein struktur i innhaldet av orda; fellesledda viser samanhengar som er nyttige for fantasien. I fagspråket er dette viktig, og ein kan der leggje vekt på den logiske oppbygnaden. I allmennspråket er det opnare kva for strukturar som opplevest som relevante, for dét kan skifte raskt med tida. Men likevel er det viktig å ha i tankane nettopp at nyorda bør kunne gå inn som element i andre nylagingar; det er ein styrke.

4 Språklege krav til norske ord

Ord bør vere forståelege! Ei slik utsegn kan bety fleire ting, for

  • vi kan forstå eit ord fordi delane av ordet gir oss peikepinnar om kva innhaldet skal vere, og
  • vi kan forstå eit ord fordi vi har lært det i barndomen eller gjennom seinare erfaring.

Til siste typen ord hører grunnorda i språket. Dei er byggjeklossar og gir ingen peikepinnar. Det er ingenting i ordet mat som fortel oss at dette er noko kroppen treng. Den tida vi hadde ordet automobil, kunne den litt språkkunnige få peikepinnar om kva det ordet skulle tyde. I dag har vi att berre ordet bil, som ikkje seier oss nokon ting om utsjånad eller funksjon. Men det nye ordet fungerer i praksis like godt, om ikkje betre pga. at ordet er blitt kortare. Eit beskrivande samansett ord er dermed blitt til eit grunnord, ein byggjekloss.

Vi treng ei mengd byggjeklossar, grunnord som ikkje kan delast i mindre meiningsberande einingar. Men når vi byggjer vidare med desse klossane, kombinerer vi grunntydingar på måtar som gir oss nye meiningar. Desse nye orda, som aller oftast er samansetningar, er berre meir og mindre presise. Eit ord som bilmat seier ikkje klårt kva ordet skal bety, men i praksis er det nokså avgrensa kva vi kan leggje i det. Det same gjeld òg matebuss – som likevel er noko heilt anna. Ein brannslange kunne jo vere ein slange til å sprute bensin på flammane med, men vi har erfart at forholdet mellom dei to ledda skal oppfattast annleis, at det altså er ein slange vi sløkkjer brann med. Vi kunne sjølvsagt seie brannsløkkingsslange, men det blir litt for langt.

Det er ei vanleg mistyding at orda våre bør vere mest mogleg presise. Det er f.eks. blitt brukt som argument mot sikringssystem for backup system. Men dei engelske orda vi tek inn, er heller ikkje presise i engelsk. Språket er ikkje slik at det krevst 100 % presisjon av orda. Det ville ende i absurditetar. Sjølv lange ord ville ikkje seie alt. Ivar Aasen noterte seg i 1873 dette ordet for apotekar i ei tysk avis:

Gesundheitswiederherstellungsmittelzusammenmishcungsverhältnisskundiger

Vi forstår godt at ordet ikkje kom i allmenn bruk! Orda som skal bety noko i seg sjølv, treng ikkje anna enn å antyde kva det skal bety. Presisjonen kjem med erfaringane våre. Og ord som vi bruker ofte og har mange erfaringar med, kan vi korte inn. Det er ikkje berre automobil som er blitt innkorta, det gjeld også omnibus og flygemaskin.

Ord har to viktige funksjonar: Dei skal referere effektivt til eit omgrep, og dei skal beskrive eit omgrep. Den første funksjonen er viktigast, og ettersom evna vår til å lære mange ord er stor, treng ikkje orda beskrive omgrepet for å referere. Men i mange tilfelle er det ønskjeleg å beskrive, for ikkje alle omgrep er like kjende for alle. Da er det praktisk å ha peikepinnar om tydinga. Dessutan er det i ein viss språkbruk ønskjeleg å styre assosiasjonane til omgrepet; vi ønskjer å påverke mottakaren med holdningar (jf. frigjeringsstyrkar mot opprørsgerilja) eller innfallsvinklar eller premissar til resonnementet (jf. billaus mot bilfri). Da er beskrivingsfunksjonen viktig.

Så samansett er altså behovet vårt til korleis orda skal vere. Korte ord gir økonomi i språket, mens beskrivinga gir auka informasjon og styring av tanken. Her er det ein vanskeleg balansegang.

Samansetningar

Ledda i ei samansetning skal gi peikepinnar om innhaldet. Men grammatikken styrer også litt. Sisteleddet i ei samansetning bør vere nokså presist. Ein brannslange bør i alle fall vere ein slange, same korleis forholdet er til brannen. Og både brannvern og barnevern bør vere eit vern, så får det vere opnare om det er for barn eller mot brann. Ordet luftkondisjonering for airconditioning er neppe godt, kanskje fordi kondisjonering ikkje er noko ord som på vanleg norsk viser til ei teknisk utrusting? Ettersom det ser ut som eit verbalsubstantiv på -ing, er vel første assosiasjonen til eit slikt ord at det betyr 'det å kondisjonere'. Ordet er klimaanlegg har den fordelen at i alle fall sisteleddet fortel at det gjeld ei utrusting. Dessutan er det kortare.

Når ein lagar avløysarord, prøver ein seg oftast først med å lage direkte omsetjingar, gjerne ledd for ledd:

boarding card > ombordstigingskort

fringe benefits > frynsegode

freeze dry > frysetørke

supply boat > forsyningsbåt

headhunting > hovudjakt

inside trading > innsidehandel

mountain bike > fjellsykkel/terrengsykkel

Ofte går dette bra, særleg når ledda er godt beskrivande også i engelsk. Men det hender seg at det ikkje klaffar så godt pga. at assosiasjonane er ulike på dei to språka. I alle fall gir terrengsykkel ei betre beskriving for oss enn fjellsykkel. Sameleis fungerer kanskje hjerneflukt betre på norsk enn "hjernetapping" for brain drain. Slikt gjer at ein i ein del tilfelle tener på å omsetje eine leddet "fjernare" frå det engelske:

grensesnitt (engelsk 'interface')

programtillegg (engelsk 'plug-in')

maskinvare (engelsk 'hardware')

programvare (engelsk 'software')

Somtid snur vi på rekkjefølgja, mest fordi norsk er nøgnare med at sisteleddet er eit substantiv når heile samansetninga skal vere eit substantiv:

blowout > utblåsing

Ofte må ein stå friare i begge ledda:

hat trick > trillingmål

time out > klokkestopp

knowhow > fagkunnskap (ekspertise)

brainstorming > idédugnad, idémyldring

public service > allmennkringkasting

holding company > eigarselskap

whiplash > nakkesleng

feedback > tilbakemelding

Her står det ofte på fantasi til å kombinere to ledd slik at assosiasjonane blir styrte på rett veg, og det engelske ordet kan gi eit godt utgangspunkt. Når det engelske ordet ikkje er samansett, lagar vi likevel ofte samansetning på norsk:

barbecue > grillfest

manual > handbok

enter > linjeskift

browser > nettlesar

Avleiing

I norsk bruker vi svært mye samansetningar. Den grammatiske ordlagingsmåten med avleiingar, dvs. å føye til eit prefiks eller suffiks, blir sjeldan nytta. Men vi har brukt suffikset -bar i berbar PC for portable PC. Partnarskap har vi òg fått, og her var ikkje vegen lang frå partnership.

Med å utnytte medvete økonomiprinsippet har vi laga nye ord som startar med e- for elektronisk og el- for elektrisk: elbil, elkraft, elenergi, e-post, e-handel, e-avis, e-brev osv. Her er det gjennom språkrøkt etablert noko som liknar prefiks.

5 Konnotasjonar og metaforar

Norske beskrivande ord har ofte konnotasjonar (tilleggstydingar) pga. at dei alt er i bruk på ein bestemt måte, eller pga. at eine leddet har ein viss bruk. Biverknad er ofte ein uventa eller ubehageleg verknad, som f.eks. av medisinbruk. Det gjer at dette ordet stiller med eit handikapp når ein bruker det som avløysar for spin-off. Eit handikapp kan sjølvsagt overvinnast, men dersom ein kan finne eit ord som har eit betre utgangspunkt, står ein strategisk sterkare. Sideverknad og følgjeprodukt er nye og heilt nøytrale, og har dermed ein fordel. Men i mange samanhengar ønskjer ein å uttrykkje noko positivt med spin-off, og da kan f.eks. eit framlegg som knoppskyting eller knoppskott ha meir for seg. Nye bedrifter som veks opp som ei følgje av ein aktivitet, kan ein omtale som knoppskytingar, knoppskott, knoppskottsbedrifter osv. Her kan det nettopp vere ein intensjon å formidle visse konnotasjonar til det fruktbare, og da vil eine framlegget til avløysarord komme betre ut enn andre. Reint teknisk kan avspinn vere ei god omsetjing, for ordet fortel om det tilfeldige ved tråden som ikkje legg seg pent på spinnesnella.

Andre eksempel på intenderte konnotasjonar:

søppelpost, e-pest (engelsk 'spam')

Den kjøkkenmaskina som har komme inn i mange hus, heiter food processor på engelsk. For nokre år sia var det einkvan som kom på ordet matmølle i ein idédugnad mellom Språkrådet og eit forlag, og det er blitt brukt i ei lærebok i matlaging. Ordet er spenstig, for det gir ein del assosiasjonar, det er ein leik med fantasien. Men dermed verkar det ikkje heilt stilnøytralt, og ordet har dessverre ikkje fått fullt gjennomslag. Hittil har forretningane halde seg til dei meir keisame løysingane kjøkkenmaskin eller matprosessor. Dei orda er heilt gode norske ord, men ikkje nokon dristige nyskapningar.

Vi er altså svært varsame i norske ord, sjølv om engelske (særleg amerikanske) ord ofte spelar på biletbruk, endatil i fagleg språkbruk. Men i uhøgtidlege ord står ein friare også i norsk, for vi har jo f.eks. baksmell. Og tangentfjøl kan brukast stilistisk for keyboard.

6 Kulturelle sperrer og krav

Skal eit ord slå an, er det ikkje nok at det er språkleg godt, f.eks. at svært språkengasjerte personar kan føle at dette er eit treffande ord. Vanlege folk skal også tore å ta i bruk ordet utan å føle at det blir oppfatta som tilgjersle. Derfor er det at heilt nøytrale ord slår godt igjennom – så nøytrale at ein ikkje oppdagar at dei er nye! Derfor slår f.eks. metaforiske ord som matmølle sjeldan igjennom i norsk. Men vev for web ser ut til å vinne fram, så ein skal aldri seie aldri!

Det er fleire feller ein kan gå i når ein lagar nyord. Eit ord som verkar avleggs eller dialektalt, kan ikkje brukast i eit avløysarord i norsk i dag. Vi kan neppe som islendingane dra fram eit gammalt ord og gi det nytt liv, slik dei gjorde f.eks. med sími, eit gammalt ord for tråd som fekk den nye tydinga telefon. Bruker ein ord som på ein eller annan måte er kulturpolitisk markerte, går ein over streken for det akseptable på norsk. Og det må ein ta omsyn til!

I ei latterleggjering av nynorsk blei det for ikkje lenge sia laga T-skjorter med påskrifta "skakamjølk". Det skulle vere eit nynorskord for milkshake. Dette nylaga ordet har aldri vore brukt i nynorsk, der har ein godkjent milkshake like mye som i bokmål. Eksempelet fortel mest om oppfatningar av kva som verkar latterleg. Språkleg sett er faktisk ordet svært godt, og skake kunne endatil gi assosiasjonar til engelsk shake. Ordet skake betyr ‘riste hardt’. Men dette ordet er ikkje brukt allstad i landet i ei slik konkret tyding; og dermed kjem ei sperre inn pga. assosiasjonar til det regionale – når viljen ikkje er stor nok.

Dette er slikt vi kunne kalle stilistiske sperrer. Det finst også andre sperrer ein må ta omsyn til og halde seg innafor for å vere taktisk: Det er ikkje på alle område ein ønskjer å vere direkte beskrivande. Der kan ein komme seg unna med pyntande beskrivingar eller med å unngå beskriving. Dette er igjen kulturavhengig. For eksempel har både islandsk og norsk adjektivet tunglynd, og på islandsk bruker ein substantivet tynglyndi om den psykiske plaga. På norsk kallar vi ho meir og meir for depresjon. Latinske sjukdomsnamn vitskapleggjer fenomenet for oss nordmenn, og fjernar det frå det individuelle. Med ein latinsk term opplever vi at plaga er meir definert som ei liding eller sjukdom. Islendingane greier å leggje tilsvarande assosiasjonar i arveordet sitt.

I slangen, ungdomsspråket eller motespråket er det ofte eit poeng at ordet er nytt og engelsk. Det er nettopp dette som gir orda rette stilistiske dåmen. For eksempel stasje, haipe, grønsj, pønk, køntri osv. (Overraskande nok kan norsk skrivemåte gi slike ord eit ekstra røft (!) preg.) Det er altså bortkasta krefter å leite etter avløysarar for slike importord.

Kanskje vi også skal sortere eit anna poeng under kulturelle krav, eventuelt under læringskrav: Det kan sjå ut som det er ein strategisk fordel om det norske ordet har ein viss likskap med det utalandske, om ikkje anna at det begynner på same lyden: minne for memory, verkstad for workshop, plakat for poster, lenkje for link og flammepost for flame mail osv. Det blir sjølvsagt svært tilfeldig om ein kan få dette til å passe, men også i islandsk språkrøktarbeid er det framheva at dette kan ha ein positiv verknad. Denne verknaden kan komme av at det lettar assosiasjonane i ein periode før det heimlege ordet er fullstendig innarbeidd og automatisert. Har ein arbeidd med eit emne mest på engelsk, vil jo naturleg nok det engelske ordet lettast bli aktivert i hjernesellene. Styrken i assosiasjonsbanda i hjernen er jo avhengig av bruksfrekvens. Dermed blir dette eit minneteknisk (mnemnoteknisk!) poeng, men ikkje eit poeng som er knytt til den indre strukturen i vårt eige språk.

7 Mislykka avløysarord?

For ordet offshore (frå 1960-talet) blei det tilrådd frå Språkrådet å bruke omsetjinga utaskjers, men det har neppe fått stor bruk. Det kan vere fordi dei interessante eigenskapane ikkje blei godt beskrivne med utaskjers, jamvel om det engelske ordet nettopp har dette innhaldet. At det er knytt noko spesielt til miljøet og arbeidet, får ein ikkje fram med utaskjers. Dermed gjer filmserien på fjernsynet seg best som Offshore; da markerer ein noko spesielt.

Men det engelske ordet offshore har heller ikkje blitt fullstendig dominerande, for ein taler like gjerne om oljeindustrien, og dei som arbeider på plattforma, arbeider på olja og reiser uti Nordsjøen på arbeid. Ein uttrykkjer seg altså ofte annleis enn med å bruke offshore eller utaskjers.

Lange ord kan vere upraktiske. Men det er vanskeleg å seie kor lange ord vi tolererer. For eksempel blir både langtidsleige, ryggsekkturist og kollisjonspute brukte ein del i staden for dei kortare engelske leasing, bagpacker og air bag. Når ikkjespreiingsavtale har komme så godt frå det, er det vel fordi det engelske er verre: nonproliferation treaty.

Policy blei teke i bruk i norsk i 1961. Det kan lett omsetjast med både 'politikk' og 'politiske retningslinjer', men denne heimlege omskrivinga har enno ikkje greidd å trengje ut att det engelske importordet. For ordet chips kan ein òg finne avløysarord, f.eks. potetlauv og potetgull. Men det ser helst ut til at chipsen har ete seg fast. Kva skal vi da gjere? Det treng ikkje vere noko nederlag, for nye ord i språket treng ikkje vere til skade. Skriv vi pollisy og sjips er ingen større skade skjedd enn da vi fekk kjeks og sjy; vi kan heller seie at orda har gjort språket rikare.

Ord som norsk godt kan ta opp, kan vi skrive etter det norske ortografiske mønsteret. Norsk språkråd har vedteke retningslinjer for slik norvagisering, f.eks. at det er aktuelt med norsk skrivemåte berre ved usamansette ord i engelsk. Andre restriksjonar på dette og detaljar om korleis ein skal overføre orda til norsk ortografi, finn ein på nettsida http://www.sprakrad.no/import.htm

8 Grammatiske krav

Når vi lagar ord på norsk, skaper dei grammatiske reglane sjeldan problem. Ordlaginga er nokså godt automatisert i språkevna vår. Einaste gjengangaren er bindelyden. Men dei vanlegaste ord er vi sikre på, f.eks. at det må heite søppel-post og ikkje søppel-s-post. Er ein i tvil, kan ein finne andre samansette ord som startar med same førsteleddet, og finne mønster der. Sit ein på eiga hand, kan ein finne god støtte i ordbøker, særleg i Tanums store rettskrivningsordbok, som har med svært mange samansetningar.

Treleddingar kan vere problematiske. Her har vi ein tendens i norsk til å bruke -s- dersom samansetninga er bygd opp med eit toledda førsteledd: Det heiter altså langtid-s-leige, sjølv om det heiter tid-taking når vi har tid som enkelt førsteledd. Dette mønsteret for treleddingar av typen 2 + 1 bør vi bruke der språkkjensla vår ikkje tilseier tydeleg noko anna.

På norsk lagar vi samansetningar med verb som førsteledd ved å bruke verbstammen + bindelyden -e-: Lagar ein f.eks. eit forbod mot å kaste fisk, kan det heite eit kasteforbod. Når vi bruker verbet dumpe (jf. ‘dumpe fisken’), bør det heilt parallelt heite dumpeforbod. Vi bruker ikkje -ing på denne måten på norsk, altså ikkje kast-ing-forbod! Men dersom det ikkje er eit verb som er førsteleddet, er det annleis. Vi har jo dressingflaske. Men dette ordet er ikkje knytt til verbet å dresse! I nokre tilfelle bruker vi verbalsubstantiv på -ing i ordlaging på norsk, men da krev ordet bindelyden -s- : ordlaging-s-mønster, sikring-s-tiltak, kryssing-s-forsøk, fornorsking-s-arbeid osv.

Helge Sandøy

Utviklet av Gazette