Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Historikk

Eit språkpolitisk skifte

Tusenårsskiftet markerte eit skifte også på det språkpolitiske området. Land etter land i Europa har gripe tak i situasjonen til nasjonalspråket og vurdert kraftige kulturpolitiske verkemiddel for å sikre at nasjonalspråket ikkje kjem i underlegen posisjon i eige land.

Frå Norsk språkråd til Språkrådet

Ein kan sjå omdanninga av Norsk språkråd til Språkrådet i lys av dette. Det er ei omdanning både langs ei organisatorisk og ei språkpolitisk linje.

Mange vil hevde at det har vore den same språkpolitikken like sidan jamstillingsvedtaket i 1885. Denne språkpolitikken har ført til målstrid, ein strid som i all hovudsak har vore til gagn for landet.

Den klassiske målstriden er nok ikkje over, men det ser ut til å vere semje om at kreftene no må samle seg om  kamp for det norske målet – bokmål og nynorsk– i Noreg.

Tre generasjonar språknemnder 

Den første var Norsk språknemnd (1952–1972). Den tjueårsperioden var prega av tilnærming mellom målformene.

Neste generasjon var Norsk språkråd (1972–2004). Den trettiårsperioden var prega av konsolidering: Bokmålsrettskrivinga vart opna igjen for tradisjonelle riksmålsformer og tvungen tilnærming vart avblåsen, formelt stadfest av Stortinget i 2002.

Den tredje og siste perioden tok til med omdanningsprosessen som starta i 2004. Lov om Norsk språkråd vart oppheva 31. desember 2004. Det nye namnet Språkrådet vart offisielt godkjent av departementet våren 2005.  I april 2006 fekk Språkrådet nye vedtekter. I juli same året vart det første ordinære styret oppnemnt, og seinhaustes 2006 var fagråda på plass.

Les mer her:

Norsk språkråd (1972–2004)


Norsk språknemnd (1952–1971)
       

 

Sist oppdatert 23. januar 2012

Utviklet av Gazette