– Nynorskordboka er open for alle og viser kva som er rett nynorsk frå no av, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.
Ordboka er oppdatert av Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.
Den nye utgåva har ikkje berre ny rettskriving, innhaldet er òg presentert betre enn før. No har ordboka:
- bøying for alle ord, også samansetningar
- mindre bruk av forkortingar enn før, alle oppslagsorda er skrivne fullt ut, også i døma
- mange klikkbare ord i definisjonane
Du kan søkje i ordboka ved å bruke søkjefeltet på nettsidene til Språkrådet, eller du kan søkje frå denne nettsida.
Bokmålsordboka skal fornyast på liknande vis som Nynorskordboka.
Pressekontakt:
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923
Oddrun Grønvik, forskar ved Universitetet i Oslo, tlf. 22 85 43 27