[Teksta er tidlegare publisert i Nytt om namn nr. 51 – 2010]
Samrådingsmøtet for stadnamntenestene i Språkrådet og Statens kartverk skal i år haldast i Kristiansand 21.−22. september med Statens kartverk Kristiansand som vertskap. Som vanleg vil ein ta opp saker som gjeld normering og fastsetjing av skrivemåte. Eit aktuelt tema i år er adressering og adressenamn. Det blir i år halde kurs i alle fylka i regi av Geoforum med Kartverket og stadnamntenestene som viktige bidragsytarar.
Kjersti Bruvoll tok 1. august til som sekretær for namanekonsulentane i Midt-Noreg.
Terje Larsen har 50 % permisjon frå stillinga si som sekretær for namnekonsulentane for Austlandet og Agderfylka i perioden 1.8.2010 til 31.7.2011. Ingvil Nordland vikarierer i 60 % stilling i same perioden.
Terje Larsen
terje.larsen@iln.uio.no