Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Samrådingsmøtet 2008

[Teksta er tidlegare publisert i Nytt om namn nr. 48 – 2008]

Stadnamndtenesta

Samrådingsmøtet 2008 for stadnamntenesta i Språkrådet og Statens kartverk vart halde i lokala til Språkrådet i Oslo 17.–19. september. Fyrste dagen hadde stadnamntenesta og Kartverket eigne møte, andre dagen var ein fagleg dag med føredrag, medan siste dagen som vanleg var eit fellesmøte. Nytt av året var at kollegaer frå  Danmark, Finland, Island og Sverige var inviterte. Dette var meint som eit bidrag til tettare samarbeid mellom dei nordiske landa når det gjeld stadnamnrøkt og stadnamnnormering, sjå referatet frå samrådingsmøtet 2007 i Nytt om namn  46 – 2007.

Som tidlegare år var det mange saker på saklista både på dei interne møta og på fellesmøtet. her er eit knippe overskrifter: laust samansette namn, delte tilrådingar frå konsulentane, rettskrivingsprinsipp, bruksnamn – nedervd eller nytt? Ei sak skilde seg likevel ut, nemleg lovframlegget om å gje eigarar vetorett i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Framlegget skulle behandlast i familie- og kulturkomiteen i haustsesjonen, med open høyring 21.10. Som det går fram av leiarartikkelen, la komiteen fram ei samrøystes innstilling før jul. Innstillinga skal behandlast i Stortinget 13. januar, og det er all grunn til å tru at ho vil bli vedteken. 

Dei faglege føredraga var delt inn i to hovudbolkar: offentleg stadnamnnormering og kommunal namngjeving. Her var det interessante føredrag frå alle dei nordiske landa. Det var også sett av tid til omvisning i Nasjonalbiblioteket, som held til i same lokala som Språkrådet. Torsdagskvelden var det sosialt samvere med middag på Stortorvets Gjæstgiveri. 

Terje Larsen
terje.larsen@iln.uio.no


 

Utviklet av Gazette