Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Nytt om namn 42

Nytt om namn 42, 2005 (meldingsblad for Norsk namnelag og informasjonsskrift om norsk og internasjonal namnegransking) er nett kome ut. Heftet inneheld m.a. innlegga som vart haldne på konferansen "Stadnamn i nordisk og internasjonalt perspektiv", som vart halden på Blindern i Oslo 21. oktober som ein lekk i markeringa av hundreårsminnet for unionsoppløysinga.

Vidare inneheld det referat frå møtet i Den nordiske divisjonen av FNs ekspertgruppe for geografiske namn (UNGEGN) på Hønefoss og i Oslo 20. og 22. oktober. Her finn ein òg referat frå Samrådingsmøtet for Namnekonsulenttenestene og Kartverket 2005, og ikkje minst ein namnefagleg bibliografi. Elles er det opplyst om ulike faglege arrangement i innland og utland.

Dei som er interessert i å abonnera på Nytt om namn, kan kontakta Jarle.Halveg(a)nor.uib.no

 

Utviklet av Gazette