Spørsmål: Kva er formålet med kompetanseprøvene?
Svar: Språktenesta for statsorgan skal bidra til at statsorgan skriv god norsk, og at dei bruker bokmål og nynorsk i samsvar med mållova. For å nå desse måla treng vi å samarbeide med eksterne språkkonsulentar. Difor ønskjer vi å kvalitetssikre språkkonsulentar som vi kan vise statsorgana til når dei ber om språkfaglege tenester som vi sjølv ikkje har kapasitet til å yte. Slike tenester kan til dømes vere språkvask av tekstar på bokmål og nynorsk og omsetjing frå bokmål til nynorsk.
Spørsmål: Må eg ha nokon spesiell bakgrunn eller ei særskild utdanning for å ta prøva?
Svar: Sjølve prøva krev inga formell utdanning, men du må ha svært gode kunnskapar i norsk for å stå, og også svært gode evner som språkvaskar og omsetjar. Lista ligg høgt: Dei som greier prøva, skal vere språkkonsulentar som Språkrådet kan gå god for og tilrå utan atterhald.
Spørsmål: Kan eg gå opp til begge prøvene, både i nynorsk og i bokmål?
Svar: Ja, du kan melde deg på begge prøvene. Nynorskprøva blir arrangert om ettermiddagen 13. mars 2010, og bokmålsprøva om morgonen same dagen. Det blir ein times pause mellom prøvene.
Spørsmål: Kva form har kompetanseprøva? Kan eg bruke ordbøker og hjelpemiddel?
Svar: Prøva er skriftleg. Ingen hjelpemiddel er tillatne, og du kan ikkje bruke pc. Nynorskprøva blir halden i auditiorium 1 i Helga Engs hus på universitetsområdet på Blindern laurdag 13. mars kl 13.30–17.00.
Spørsmål: Kva slags oppgåver inneheld prøva?
Svar: Oppgåvene er praktisk retta. Du vil både bli beden om å gje opp visse former og om å rette opp enkelteksempel eller lengre tekststykke. Likevel føreset oppgåvene at du har kjennskap til vanleg grammatisk terminologi. Du vil få både språkvaskoppgåver og ei omsetjingsoppgåve frå bokmål til nynorsk. Språkvask omfattar alt frå retting av ortografiske feil og teiknsetjingsfeil til fullstendig omformulering av tunge og kompliserte tekstar, sjølvsagt utan endring av innhaldet. Du vil òg få høve til å kommentere rettingane dine.
Spørsmål: Korleis kan eg førebu meg til prøva?
Svar: Du bør ha svært god oversikt over norske rettskrivings- og teiknsetjingsreglar og til dømes ha lese Finn-Erik Vinjes Skrivereglar. Dessutan må du vite korleis alle nokolunde vanlege norske ord blir skrivne og bøygde. Utgangspunktet er naturlegvis gjeldande rettskriving, som i siste utgåve av Nynorskordboka (2006). I statsinstitusjonane er det hovudformene i rettskrivinga («læreboknormalen») som skal nyttast. Innanfor hovudformsystemet må ein vere konsekvent; sjå til dømes Godt språk i lærebøker (merk at boka ikkje følgjer siste rettskriving). Ordtyding og god setningsbygning står òg sentralt. Vi kan tilrå å lese Moderne norsk av Vinje og Med andre ord av Magne Rommetveit. Praktisk røynsle med språkvask, omsetjing og anna språkarbeid vil vere ein stor fordel.
Spørsmål: Korleis blir oppgåvene evaluerte?
Svar: Prøva er todelt. For å stå på heile prøva må du stå på begge delprøvene. Del 1 er ei prøve i teiknsetjing, ortografi og andre formelle skrivereglar. Oppgåvene i del 2 går ut på praktisk språkvask, korrekturlesing og omsetjing frå bokmål til nynorsk. Dersom ein kandidat får «ikkje greidd prøva» på del 1, kjem vi ikkje til å vurdere del 2. Vi vil evaluere oppgåvene etter eit poengsystem så langt det går, men i språkvaskoppgåvene vil vi sjølvsagt òg bruke skjøn. Språkvask- og omsetjingsoppgåvene veg tyngst. Vi gir ingen karakter, berre «greidd prøva» eller «ikkje greidd prøva».
Spørsmål: Får eg ein attest på at eg har greidd prøva?
Svar: Du vil få eit prov på at du har greidd kompetanseprøva. Med dette kompetansebeviset går Språkrådet god for deg som ein høgt kvalifisert språkkonsulent.
Spørsmål: Får eg noka grunngjeving dersom eg ikkje greier prøva?
Svar: Dei som ikkje greier prøva, vil få vite kva poengsum dei fekk og kva som var den høgste moglege poengsummen, men dei får ikkje noka anna grunngjeving enn det.
Spørsmål: Korleis blir resultata kunngjorde?
Svar: Kandidatane som har teke prøva, får skriftleg melding om resultatet. Vi kjem ikkje til å leggje ut informasjon om testresultata på nettsidene til Språkrådet. Statsorgan som ber om det, vil få ei liste over godkjende språkkonsulentar. Dei som greier prøva, vil få eit kompetansebevis frå oss, men vi kjem sjølvsagt ikkje til å «svarteliste» personar som ikkje greier prøva.
Spørsmål: Kor mange oppdrag kan ein språkkonsulent som har greidd kompetanseprøva, rekne med å få?
Svar: Om du greier kompetanseprøva, er det ikkje nokon garanti for at du får oppdrag frå det offentlege. Språkrådet tildeler ikkje oppdrag.
[Her kan du lese om kompetanseprøven i bokmål.]