Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Verb som endar på -st

Verb i passiv

Bøyingsformene til det aktive verbet stempla er

å stempla – stemplar – stempla – har stempla

Skal vi ha fram den passive sida av saka, at noko blir «utsett for stempling», må vi ty til hjelpeverb og partisippformer:

presens    preteritum perfektum part.
blir/er stempla    blei/vart stempla er/har blitt/vorte stempla

Berre infinitiven har på nynorsk ein parallell med ei eiga passivform på -st, nemleg stemplast, men den krev eit hjelpeverb: bør/kan/skal stemplast. På bokmål kan ein friare bruka infinitivsforma med infinitivsmerket (å stemples), og dessutan har presens ei -s-form attåt omskriving med bli/vera, nemleg stemples. Dansk kan gå lenger (preteritum stempledes ved sida av blev stemplet), og svensk kan ta han heilt ut: både stämplades og har stämplats (ved sida av omskrivingar med partisipp). Bokmål står såleis mellom dansk og nynorsk i dette stykket.

Dei aller fleste verb i nynorsk har berre éi st-form: infinitiv. Dei kan difor ikkje stå åleine som verbal i ei setning.

 

Omskrivingsmåtar

a) Omskriving med modale hjelpeverb

Alle verb i denne forma kan nyttast saman med modale hjelpeverb, oftast bør/burde, kan/kunne, lyt/laut, må/måtte eller skal/skulle. Merk at vil/ville er lite brukt i denne samanhengen.

I bokmål kan ein bruka st-form i presens. Ei setning som

Søknaden underskrives og sendes hit

er rett. Men ei omsetjing ord for ord til nynorsk er uråd. Det nærmaste blir:

*Søknaden underskrivast og sendast hit.

For underskrivast er den einaste st-forma av dette verbet på nynorsk. Men resultatet er gale, for underskrivast er ikkje presens slik som underskrives er i setninga over. Skrivast og sendast er usjølvstendige verb. Å bruka dei utan støtte i eit modalt hjelpeverb er like gale som å skriva ”han bera staur”.

Den galne setninga ovanfor kan bli rett om vi set inn eit høveleg modalt hjelpeverb. I dette tilfellet stod verbet i presens, men tydinga var etter alt å døma bydande: Ein vel sjølvsagt hjelpeverb som høver med innhaldet, til dømes slik:

Søknaden må/skal underskrivast og sendast hit.

 

b) Omskriving med bli/verta

Omskriving med bli/verta blir nytta til å skildra noko som faktisk skjer:

Søknaden blir/vert underskriven og send hit.
Slike produkt blir/vert no innførde frå Sverige.
Søkjar nr. 3 blei/vart tilsett.

 

c) Andre omskrivingar

Stundom kan det høva å skriva om til imperativ:

Skriv under (på) søknaden og send han hit.

I meir høfleg form blir det:

Ver venleg å skriva under (på) søknaden og senda han hit.

Innleiingssetning kan òg nyttast:

Vi/eg bed deg om å skriva under (på) søknaden og senda han hit.

 

Sjølvstendige st-verb

Nokre st-verb er sjølvstendige. Dei er ikkje «innesperra» i infinitiv og står oppførde i ordlistene med alle bøyingsformer. Nokre av dei har eller har opphavleg hatt ei refleksiv eller resiprok tyding (møtast = møta kvarandre), og somme har passiv tyding (krevjast = bli kravd). Døme på slike verb er finnast, fyllast, krevjast, møtast, spørjast, synast, talast. Det er sjølvsagt ingen grunn til å styra unna slike verb på nynorsk.

Døme:
Her finst ein betre utveg. Det krevst høgare utdanning. Dei møttest i Paris. Eg synest om henne.

[Til toppen]

 

Utviklet av Gazette