Definisjon og døme
Symptoma på «substantivsjuke» er at språkføringa blir nedtyngd av substantivuttrykk, særleg verbalsubstantiv (substantiv laga av verb, til dømes lesa > lesing), som blir nytta i staden for enklare verbale uttrykksmåtar. I nokon mon gjeld det òg substantiv laga av adjektiv (til dømes varsam > varsemd). Problemet ligg ikkje i sjølve orda (både lesing og varsemd er greie ord), men i måten ein bruker dei på.
Fyrst to ikkje særleg avskrekkande døme på substantivsjuke:
Dei byggjer hus > Dei driv med bygging av hus / husbygging.
Ho var særs varsam > Ho (ut)viste stor varsemd.
Så eit verre døme:
Ane gjorde potetene til gjenstand for koking.
Ei slik setning vil vel dei færraste setja på prent. Men sjølve ordleggingsmåten fell mange lett i pennen straks innhaldet får eit mindre kvardagsleg preg. I ei nynorsk lokalavis kan vi fort finna setningar som denne:
Kommunestyret gjorde tilrådinga frå rådmannen til gjenstand for ei grundig drøfting.
Når ein les slike setningar, kan ein med god grunn spørja kva motivet er, og då bør den ansvarlege stå klar med eit godt svar. Til så lenge vil vi hevda at dømet med Ane og potetene blir betre om vi endrar det til
Ane kokte potetene.
Sameleis, og utan fare for at noko av innhaldet skal bli skipla eller gå tapt, kan dømet med kommunestyret skrivast om til
Kommunestyret drøfta tilrådinga frå rådmannen grundig.
[Til toppen]
Kva skjer når substantivsjuka råkar ein skribent?
Om vi tenkjer oss at verbet (kokte) i dømet Ane kokte potetene blir erstatta av eit verbalsubstantiv (koking), får vi den ”umoglege” konstruksjonen
*Ane koking potetene.
Skal dette bli ei norsk setning, må det inn eit verbal som kan fylla tomrommet etter tapet av kokte. Dette er utan unnatak meir generelle og upresise uttrykk, til dømes gjera til gjenstand for, føreta, gjennomføra, setja i verk, stå føre osv. I tillegg til
Ane gjorde potetene til gjenstand for koking
kan vi til dømes få
Ane føretok koking av potetene.
Ane gjennomførde koking av potetene.
Ane sette i verk koking av potetene.
Ane stod for koking av potetene.
Bokmål har i tillegg uttrykket finne sted, som ikkje har noko motsvar i offisiell nynorsk. Ei setning som
Opninga av vegen finn stad 1. juni
er difor galen. Vi bør heller skriva
Vegen blir/vert opna 1. juni eller NN opnar vegen 1. juni.
Det er sjølvsagt ingen som skriv om potetkoking slik som ovanfor. Poenget er at mønsteret ofte blir brukt utan god grunn i andre samanhengar. Men god nynorsk setningsbygnad varierer ikkje med tema og stilnivå på same vis som bokmålsyntaks i praksis ofte gjer. Anten ein spikkar på eit konkret emne eller eit abstrakt eit, ordlegg ein seg greitt og verbalt om det. Ikkje gjer ein det til «gjenstand for spikking» og ikkje set ein i verk «ytterligere substantivering» i utrengsmål.
[Til toppen]
Andre døme på substantivsjuke med framlegg til omskriving
Ei behandling av lånesøknaden bør føretakast så snart som råd >
Lånesøknaden bør behandlast snarast råd.
Opptaking av eit marknadslån kan vera nyttig i påvente av eit permanent lån >
Å ta opp eit marknadslån kan vera nyttig medan ein ventar på eit fast lån.
Slike ordningar må setjast i verk samstundes med vedtakinga av sjølve lova >
Slike ordningar må setjast i verk samstundes med at (sjølve) lova blir vedteken.
Utvalet leverte i fjor ei tilråding der desse spørsmåla for fyrste gong vart gjorde til gjenstand for ei inngåande kartlegging >
Utvalet kom i fjor med ei tilråding der desse spørsmåla vart inngåande (nøye, grundig) kartlagde for fyrste gong.
[Til toppen]