Nynorsk er eit ungt administrasjonsmål (offisielt godkjent i 1885). Frå fyrste stund har det vore arbeidd med å byggja opp eit nynorsk ordtilfang på ulike fagområde. Somme gonger låg orda fiks ferdige i målføra, det var berre å ta dei i bruk. Søknad er eit slikt ord. Ivar Aasen har det med i Norsk Ordbog (1871–73), og det har teke luven frå ansøkning, ikkje berre som avløysarord i nynorsk, men òg som normalord i bokmål. Andre gonger måtte orda lagast på grunnlag av heimleg ordtilfang. Eit døme på det er attføring, som no er ein innarbeidd term i båe skriftmåla.
Men éin ting er ordtilfanget, noko anna er korleis orda blir bundne saman til språkrette setningar. Jamvel om vi har nynorske fagterminologiar, der nynorske substantiv, verb, adjektiv osv. svarar til liketydande ord i bokmål, er det ikkje alltid slik at ein ordleggingsmåte i bokmål kan overførast ledd for ledd til nynorsk.
Bokmål har til dømes substantiviske uttrykksmåtar som nynorsk avviser. Når slike konstruksjonar skal omsetjast til nynorsk, bruker ein gjerne verbaluttrykk eller heile setningar. Ein konstruksjon som ved flyets ankomst har snautt noko substantivisk motsvar i nynorsk. Her vil det vera best å skriva om til ei setning, der både konjunksjonane og verbtidene må tilpassast etter kva ein ønskjer å seia, til dømes slik:
Då flyet kom
Då flyet var/hadde kome
Når flyet kjem
Nynorsk kan mangla direkte motstykke til ord i bokmål (og omvendt). Men det dømet vårt ovanfor syner, er noko anna. Poenget der er ikkje at nynorsken vantar eit substantiv som svarar til bm. ankomst, for eit slikt ord finst (kome), men at ordleggingsmåten er ulik i dei to skriftmåla.