Vokalpara i/e, e/æ, y/ø, u/o, o/å
Desse fire para er variasjonar over same tema: Variantane på høgre side av skråstrekane i overskrifta uttalar ein med munnen litt meir open enn variantane til venstre. Dei til venstre er oftast eldst, og både i bokmål og nynorsk har vi vant oss til i mange tilfelle å uttala desse «tronge» vokalane til venstre litt meir «ope», til dømes og /å/ og dum /dom/. (Ved paret e/æ går det ofte òg den andre vegen, jf. væte, å træ ofl., for der er det knapt noko system i tilhøvet mellom skriftbilete og uttale, jf. t.d. være, men er /ær/ på bokmål.)
Her er dei fleste av dei valfrie formene vi oftast får bruk for:
| gje/gi |
fyrst/først |
flòte/flåte (ein) |
| leppe/lippe |
lygn/løgn |
|
| medels/middels |
nykel/nøkkel |
|
|
sigla/segla (men eit segl)
|
tynne/tønne |
|
| vit/vett |
tyrst/tørst |
|
| vita/veta |
ynske/ønske |
|
| |
ynskja/ønskja |
|
Valfridomen vi møter i paret billig/billeg, er i grunnen ikkje eit spørsmål om val av vokal, men val av ending: -leg eller -ig.
Stilla («gjera stille» eller «justera») og stella (med) har kvart sitt særområde, men dei står òg for det same og er valfrie i tydingar som gjeld det å plassera og setja fram: stella/stilla opp, stella/stilla spørsmål ofl.
Dermed er det òg valfridom i framstelling/framstilling, jamstelling/jamstilling, oppstelling/oppstilling. Desse tre er ikkje valfrie: innstilling, tilstelling og (litt uventa:) førestelling.
Ikkje noko val!
Tronge hovudformer: Dei ”tronge” vokalane i døma over er dei mest tradisjonelle i nynorsk (bortsett frå i paret gje/gi). Nynorsk har etter gammalt fleire tronge vokalar i skrift enn bokmål har. Til dømes er desse formene obligatoriske: ei bytte, å lyfta, sysken, syster. Hugs òg at ein brote, ein drope, no, open, ròten (bm. råtten), tola og tolmod er hovudformer (uttalen er open, oftast å, som aksenten i ròten indikerer). Den valfrie forma ein flòte (altså ikkje flåte) må seiast å høva best med dette systemet. Partisipp som har skote, har brote, har flote er obligatoriske på nynorsk, til liks med har skrive, har drive mfl., som blir uttala med -e- i svært mange dialektar.
Hugs òg at det berre kan heita å bera og å skjera på nynorsk. Samansetningar som å innebera er ikkje noko unnatak. Merk òg vêr og lêr (bm. vær og lær). På den andre sida, med tradisjonell og obligatorisk æ, har vi gjæv og lækjar. Men det heiter no både å skremma og ei seter som hovudformer.
Opne hovudformer: I nokre ord er ein tradisjonell og trong vokal no sideform, og det heiter altså: følgje, å følgja, sølv, sørgje, vørde; sommar, somme, sommel; sær- (særleg, særskilt), særs.
I andre tilfelle er open vokal både tradisjonell form og obligatorisk. Døme: ordlagingsendinga -leg (skikkeleg) og orda veng (bm. vinge; nynorsk ving bruker ein helst berre i fotballsamanheng), blekk (metallet) og (trikke)skjene.
Det finst òg andre slags vokalpar av ymse opphav som krev at vi gjer eit val.
Valet mellom a og å
Dei viktigaste døma på valfridom er:
då/da, klar/klår, latter/lått, åleine/aleine.
Ein står fritt i kvart tilfelle, berre ein er konsekvent.
Ikkje noko val!
Hugs frå, gåve, låg, måndag og skåp. På den andre sida kan det no berre heita fare, og dessutan er allmenn og alvor hovudformer, jf. [ålmenn] og "eldre" fåre.
Valet mellom a og o
Dette gjeld fyrst og fremst om ein skal skriva fleire born – alle borna eller barn–barna. Merk at det i alle tilfelle heiter barn- i samansetning (barnehage).
Ikkje noko val!
Hugs o i desse orda: gong, oske, song, stong og tong.
Hugs a i desse orda: vald, halda, trass.
Legg merke til skilnaden mellom gong «tidspunkt» (med ein gong) og gang «det å gå» (setja i gang).
Valet mellom a og e
Valfrie:
jarn/jern, framand/fremmend
Ikkje noko val!
Merk at berre og anten er hovudformer.
Valet mellom æ og å
Det kan heita både læsa (læser–læste) og låsa, både mæla (mæler–mælte) og måla. Vel ein æ, heiter det likevel både lås og mål, men altså læsing og mæling. Både på bokmål og nynorsk blir det overlapping i systemet mala/måla/mæla, men på ulike stader (bm. til høgre):
| 1 |
å mala – mel – mol (å mala korn; katten mel)
|
1 å male – maler – malte/mol |
| 2 |
å måla huset |
1 å male |
| 3/2 |
å mæla/måla ei lengd |
2 å måle |
| 3 |
å mæla eit ord |
3 å mæle |
Valet mellom o og ø
Her er det tale om ein open o (ò, uttala å) ved sida av ein ø, til dømes:
torste/tørst(e), hovding/høvding.
I desse orda representerer o det mest tradisjonelle, medan det er omvendt i den frekvente førestatvinga føre-. Her har fore- fått plass ved sida av føre i nokre få gamle lånord frå bokmål som
føredrag/foredrag, føregå/foregå, forelesing/førelesing, foreslå/føreslå.
Elles heiter det i utgangspunktet berre føre, frå føretak, føretrekkja og førestelling til setja seg føre og ha ei sak føre (behandla ei sak).
Men i mange tilfelle kan det heita både føre- og for-, som i for-/førearbeid, -bokstav, -hand, -middag, -mål, -ord, -prøve, -rett, -staving ofl. Ein kjem ikkje utanom å slå opp, men om ein held seg til føre- for fore-, kjem ein langt utan ordliste. Ein kan velja fritt mellom for- og føre-. I nokre få tilfelle er nok føre- lite brukt, jamvel i tradisjonell nynorsk (t.d. føreprøve), men der føre- kling kjent, er det i alle fall sjeldan gale.
Valet mellom y og u
Valfrie:
lykke/lukke, lykkeleg/lukkeleg og skyld/skuld
Ikkje noko val!
Merk at det likevel er obligatorisk med skulding («beskyldning») og skylding og skyldfolk («slektningar»).
Valet mellom jo og y
Valfrie:
ljod/lyd (substantivet), ljos/lys (både substantivet og adjektivet)
Ikkje noko val!
Men i begge tilfelle heiter verba lyda (pret. lydde) og lysa.
Diftongar
Nynorsk skriftspråk har i mange tilfelle diftongane ei, au og øy i ord der bokmålet i praksis berre har e og ø (t.d. leika, raud og fløyte).
Valfrie:
daud/død, dauv/døv; lauk/løk, naud/nød; høyra/høra, køyra/kjøra, røyr/rør, røyst/røst.
Ein vel fritt mellom desse, men må som vanleg vera konsekvent. Det er nok vanleg å la orda med -ø(y)r- følgjast åt.
I eit viktig tilfelle står valet mellom øy og y, og då er monoftongen y det mest tradisjonelle. Det gjeld t(ø)y, i tillegg til samansetningar som fart(ø)y, verkt(ø)y og syltet(ø)y. Desse bør veljast under eitt.
Ikkje noko val!
Obligatoriske diftongar: draum, straum; drøyma, gløyma, gøyma, strøyma.
[Til toppen]