Ordlagingsendingane -ing og -ning representerer to måtar å laga substantiv av verb på (verbalsubstantiv). På den eine sida har vi dei opplagde ing-orda som skriving eller bygging, som beint fram tyder «det å skriva» og «det å byggja». Slike abstrakte substantiv med heilt generell tyding er hokjønnsord. I den andre enden har vi meir eller mindre opplagde ning-ord som bygning, forlegning. Dei ning-orda som tyder noko konkret og handgripeleg, er oftast hankjønnsord (merk likevel ei festning!). Men nokre slike har valfritt kjønn. Dermed får vi både obligatoriske par som
kledinga (det å kle) – kledningen (noko ein kler med)
ladinga – ladningen
leiinga – leidningen
smørjinga – smurningen
og valfrie som
kryssinga – krysningen/-a (resultat av kryssing)
pakking – pakningen/-a
I nokre tilfelle er n lydleg umogleg – då kan vi få par som
sikringa – sikringen/-a.
Det finst ikkje alltid nokon klår eller vanleg brukt abstrakt parallell, jf.:
besetningen/-a, doningen/-a, leivningen/-a, pasningen/-a.
Når slike ord er konkrete, er -en det tradisjonelle.
Det finst òg nokre par der begge variantar må vera av hokjønn, til dømes
forsterk(n)ing, undervis(n)ing, underhald(n)ing med valfri -n-. Her må dei to variantane av kvart ord etter ordboka seiast å ha same tyding, sjølv om ein kan tenkja seg eit skilje i det fyrste av orda.
Men ofte er det eit klårt tydingsskilje i paret, og då er tydinga av ning-ordet gjerne «eit tilfelle eller produkt av ing-tydinga», men dette tilfellet treng ikkje vera handgripeleg. Til dømes:
frysing – ei frysning
opplysing (å lysa opp) – ei opplysning
stiging – ei stigning
søking – (stor) søkning
tilsetjing (det å setja til) – tilsetning (stoff som er tilsett)
trekking – ei trekning
forvalting (administrering) – forvaltning (administrasjon, embetsverk).
I ord som dei rett over er valfridomen komen inn for alvor: Ein kan no sjå bort frå ning-variantane og la ing-orda dekkja alle tydingar (men ikkje omvendt). Dette kan gjera det enklare å nytta slike ord. Men om ein meistrar skiljet, er det sjølvsagt fritt fram for å praktisera det i samsvar med tradisjonell nynorsk. Ein vel då for kvart ord, men det er ingen særskild grunn til å handsama slike ord ulikt – det beste er å finna seg eit system å halda seg til.
Ikkje noko val!
I nokre tilfelle kjem ein altså ikkje utanom skiljet mellom -ing og -ning, t.d. setjinga (det å setja) – setninga (noko som er sett, t.d. ei setning i grammatikken) og smørjing – smurning.
I andre tilfelle er ein nøydd til å ha hokjønnsending på ning-ord (ofte gamle lånord): forfatning. Ein slepp nok heller ikkje unna å måtta slå opp mange gonger før dette sit. Trøysta får vera at innbyggjarnamn og personnemningar, frå islending til heidning og tulling, er hankjønn, unnataka er berre dronninga og kjerringa.