Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Substantiv – unntak

Hankjønn

Unntak:
Nokre ord får vokalskifte og -(e)r og -(e)ne i fleirtal:

ein bror broren brør brørne
ein son sonen søner sønene
ein fot foten føter føtene
ein nagl naglen negler neglene

 

Merk:

ein far faren fedrar fedrane
ein ting tingen ting tinga
ein sko skoen sko, el. skor skoa, el. skorne
ein feil feilen feil, el. feilar feila, el. feilane

 


Hokjønn

Merk:

ei dotter dottera døtrer døtrene
ei mor mora mødrer mødrene
ei syster systera systrer systrene

 

 ***************************

# Unntak  i læreboknormalen – hankjønn:

Ei gruppe hankjønnsord får som hovudform fleirtal på er og ene, slik bøyinga er i mange dialektar. Desse orda har sideform på [-ar]. Elevar kan bruke sideformer i skriftlege arbeid, og kan altså sjå bort frå dette unntaket om dei vil.

ein stad staden stader stadene
gjest gjesten gjester gjestene
medlem medlemen medlemer medlemene eller
medlem medlemmen medlemmer medlemmene
ven venen vener venene eller
venn vennen venner vennene

Andre slike ord:
bekk, benk, gong, kvist, legg, rygg, sau, sekk, vegg.

 

# Unntak i læreboknormalen – hankjønn:

Ord som endar på -nad og -a får -er og -ene i fleirtal som hovudformer. Alle desse orda har sideform på [-ar, -ane]. Elevar kan altså sjå bort frå dette unntaket.

ein stønad stønaden stønader stønadene
ein søknad søknaden søknader søknadene
ein sofa sofaen sofaer sofaene
ein villa villaen villaer villaene

 


# Unntak i læreboknormalen – hokjønn:

Ei gruppe hokjønnsord får som hovudform fleirtal på -ar og -ane, slik bøyinga er i mange dialektar. Alle desse orda har sideform på [-er]. Elevar kan sjå bort frå dette unntaket om dei vil.

ei elv elva elvar  elvane
ei hei heia heiar  heiane
ei helg helga helgar  helgane
ei myr myra myrar myrane
ei vik vika vikar  vikane
ei ørn ørna ørnar  ørnane 

 

Utviklet av Gazette