Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Nynorsken i tal

    • Ein firedel av kommunane (27 %) har gjort vedtak om nynorsk som målform.
      114 kommunar av i alt 430 har gjort vedtak om nynorsk som målform, 160 har bokmål som målform, 156 kommunar er språkleg nøytrale.
      Oversyn over kommunane

    • Nynorsk er fleirtalsmålform i fire fylke.
      Nynorsk er fleirtalsmålform etter reglane i mållova i fire fylke: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fleirtalsmålforma er den målforma som flest kommunar har kravt når det gjeld brev frå staten.
      Oversyn over fylka

    • Om lag 11 % av befolkninga ber om å få sjølvmeldinga på nynorsk.

      Kjelde: Skattedirektoratet. 

    • Om lag10 % av dei vernepliktige oppgjev nynorsk som målform. 
      1997: 11,2 %
      1998: 10,7 %
      1999: 10,3 %
      2000: 10,4 %
      2001: 12,9 %
      2002: 8,2 %
      2003: 9,5 %
      2004: 9,4 %
      2005: 11,1 %
      2006: 10,0 %
      2007: 11,6 %
      2008: 8,2 % 

       
      Kjelde: Vernepliktsverket 

    • Nynorsk som opplæringmål i grunnskulen
      Av dei 614 020  elevane som hadde norsk som opplæringsmål i grunnskulen per 1. oktober 2010, hadde 79 840 nynorsk som målform, 531 351 hadde bokmål. 893 hadde samisk som opplæringsmål.

      Kjelde: Statistisk sentralbyrå

      Elevar, etter elevens målform og fylke
      (Statistisk sentralbyrå)
      Historisk statistikk

    • Det finst ikkje tal for kor mange som nyttar nynorsk som hovudmål i vidaregåande skule. 

    • Ein femtedel av avisene blir redigerte på nynorsk.
      Av dei 236 avisene i 2008, blir 47 redigerte på nynorsk, og 21 blir redigerte på både bokmål og nynorsk.

      Men bokmålet styrer dei store avisene, sjølv om somme større aviser blir redigerte både på bokmål og nynorsk. Ser ein på opplaget i 2008, utgjer dei reine nynorskavisene 6,8 % av det samla avisopplaget, dei blanda avisene 5,5 %, og bokmålsavisene 87,6 %.

      Kjelde: Språkfakta 2010, Kap. 14: Presse

       

    • 7 % av bøkene her i landet er på nynorsk
      I  2007 var 349 av 4983 norskspråklege bøker på nynorsk, dvs. 7 %.

      Kjelde:Statistisk sentralbyrå / Nasjonalbiblioteket


    • Meir statistikk 

      Språkfakta 2010
      (Nynorsk kultursentrum)


    Sist oppdatert 27. april 2011

    Utviklet av Gazette